Energi i fokus – NTRANS viser veg

Forskingssenteret NTRANS skal i løpet av dei neste åtte åra arbeide med emner knytt til energitransformasjon. Senteret har kring 40 partnarar frå forsking, næringsliv, offentleg forvaltning og interesseorganisasjonar. Budsjettet er på MNOK 300. Saga Fjordbase, Hub for Ocean, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Kinn kommune er blant partnarane.

Viktig samlande ressurs
Arbeidet i NTRANS skal resultere i nye modellar og system som gir lågare energibruk i samfunnet og reduserte utslepp. Senteret koplar saman FoU, næringsliv og offentlege aktørar. Med utgangspunkt i konkrete pilotar og relevante problemstillingar skal partnarane i senteret finne fram til gode løysingar og metodar og dele desse internt, nasjonalt og internasjonalt. Kunnskapsdeling vil vere eit sentralt element i all planlagt aktivitet.

Kring 50 personar var samla til det første NTRANS-møtet på Gardermoen 25. september. – Samfunnet må endre mønster for bruk av energi, og vi står føre store utfordringar. Dersom nokon skal skape dei gode løysingane så må det vere vi som er samla i dette rommet, sa Asgeir Tomasgard under opning av møtet. Tomasgard er professor ved NTNU og leiar NTRANS.

Ulike arbeidspakkar og pilotar
NTRANS består av seks ulike arbeidspakkar. Kvar pakke har ulike pilotprosjekt. Dei fire partnarane frå Sogn og Fjordane har meldt inn eit differensiert pilotprosjekt som tek i vare maritim sektor. Denne sektoren har stort potensiale til å reduserer utslepp. Mange prosjekt er allereie under arbeid eller implementering rundt om i Noreg. Samla vil prosjekta tilføre NTRANS verdifull informasjon og danne grunnlag for at forskarar og andre involverte partar kan analysere, drøfte og konkludere i forhold til hensikt, metodikk, resultatoppnåing og suksessfaktorar for dei ulike prosjekta.

Figuren viser moglege emne eller delprosjekt frå dei fire NTRANS- aktørane i Sogn og Fjordane

Figuren viser moglege emne eller delprosjekt frå dei fire NTRANS- aktørane i Sogn og Fjordane

Mange delprosjekt
Eit allsidig næringsliv og ein aktiv kommune og fylkeskommune gjer det mogeleg å bidra aktivt inn til NTRANS. Saga Fjordbase er ein stor aktør som har mange prosjekt under utvikling, mellom anna knytt til hydrogenproduksjon, nye lade- og bunkringsløysingar, nullutslepps drift av supplyfartøy og mellomlagring av vindturbinar. – Vi ser nytteverdi av NTRANS på mange felt som er aktuelle for oss, seier Svein Arne Bjørkedal, teknisk ansvarleg LNG i Saga Fjordbase. – Tilgang til eit stort FoU-miljø og utvida fagnettverk er verdifullt for å kunne tilby dei beste løysingane og styrke Fjord Base for framtida, avsluttar han. 

Andre mogelege delprosjekt i bidraget frå Sogn og Fjordane er nullutslepps passasjerfartøy, nytt hurtigbåtanbod frå 2022, forsking og utvikling knytt til sjøtransport og korleis industriklynger som Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster kan bidra til verdiskaping basert på ny lågutsleppsteknologi.

Det første NTRANS-møtet blei halde på Gardermoen 25. september. F.v. Asgeir Tomasgard, NTNU, Svein Arne Bjørkedal, Saga Fjordbase, Trond Strømgren, Hub for Ocean, Eirik Gjelsvik Medbø, NTNU, Kristin Linnerud, HVL

Det første NTRANS-møtet blei halde på Gardermoen 25. september. F.v. Asgeir Tomasgard, NTNU, Svein Arne Bjørkedal, Saga Fjordbase, Trond Strømgren, Hub for Ocean, Eirik Gjelsvik Medbø, NTNU, Kristin Linnerud, HVL





Kristin Svardal