Equinor utvidar på basen

2019 09 Fjord Base 2.jpg

Det kom fram i ei pressemelding frå Fjord Base 5 september at Equinor har beslutta å utvide to av sine bygg på Fjord Base i Florø. Det nye arealet vil huse både subsealager og subseaverkstad.

Frå Fjord Base forsyner Equinor Snorre, Visund, Tordis/Vigdis, samt at basen fungerer som sentralhamn for foringsrøyr (OCTG) med sending til norsk sokkel. Equinor leiger i dag fleire innandørs lager, sam areal til lagring av foringsrøyr og subseautstyr. Totalt har Equinor 41 tilsette på Fjord Base som arbeider med blant anna subseaprosjekt, kontraktar, forsyning og planlegging.

Sikrer vekst og langsiktig aktivitet i Florø

Stig Førde, viseadm. dir. i Fjord Base AS meiner dette viser Fjord Base og Saga Fjordbases evne til å bidra til vekst og styrking av langsiktig aktivitet i Florø. Konsernsjef Geir Johansen legg til at utviding av bygg 27 og 66 opnar for ei ny strukturering av forsyningsbasen som dedikerer større område til rein subseaaktivitet. På den måten kan dei samle fleire selskap med kompetanse innan subsea på eit område, og dermed sikre seg fleire store subseaprosjekt framover.


Foto: Harald M. Valderhaug

Maria Brandsøy