Flora hamn får Enova støtte til landstraum

I ei pressemelding frå Enova kjem det fram at dei deler ut 87 millionar til 10 landstraumsprosjekt. Enova arbeider for Norges omstilling til lavutsleppssamfunnet, og for at maritim næring er landstraum eit viktig sted i retning av utsleppsfri sjøtransport, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Flora Hamn søkte om støtte til to prosjekt, landstraum på Fugleskjærkaia og kai G på Botnastranda, og begge søknadane var innvilga. Sistnemnt kai er utleigd til INC Gruppen. Til saman utgjer støtta for dei to anlegga i overkant av 8,2 millionar kroner.

Sjå heile pressemeldinga her, kor du også finn dei andre 8 prosjekta som mottek støtte til landstraum.

Vi gratulerer til Flora Hamn med ei viktig satsing som vil bidra til reduksjon av utslepp frå sjøtransport.

Maria Brandsøy