Første samling av hydrogenverdikjeda i Ocean Hyway Cluster

18. juni hadde Ocean Hyway Cluster første felles samling med medlemmer og styringsgruppe i hydrogenklynga. Ocean Hyway Cluster fikk arenastatus i november 2018, og jobbar for å samle heile verdikjeda for hydrogenteknologi. Saman ønsker vi å drive fram maritime hydrogenløysingar.

Deltakarane fekk ei oppdatering frå klynga sitt arbeid, deretter var det lagt opp til workshops innanfor HyInfra og HyInfluence.

HyInfra

Realisering av infrastruktur er ein nødvendig føresetnad for å komme i gang med den norske maritime hydrogensatsinga, og eit område som medlemsbedriftene er opptatt av. Workshopen var leia av forskingsleiar Øystein Ulleberg i IFE, og i møtet blei det beslutta å etablere ei eiga arbeidsgruppe som skal jobbe vidare med infrastruktur. Arbeidsgruppa består av IFE, Gasnor, Sintef Ocean, Fjord 1, Multi Maritime, Hyon og Sparebanken Sogn og Fjordane. Klyngeledelsen vil bidra som fasilitator.

HyInfluence

I tillegg til arbeidet med politisk påverknad, må det jobbast breitt med å auke både samfunnsaksepten og kunnskapen om hydrogen som energiberar. Vi hadde ein god workshop leia av Erling Sande. Erling Sande har åtte års erfaring som Stortingsrepresentant, og var mellom anna leiar for energi- og miljøkomiteen. Han er no konserndirektør strategi og utvikling i SFE, ei av medlemsverksemdene i klynga. Det kom opp mange gode innspel i workshopen, og vi vil jobbe vidare med å identifisere kva som skal vere dei felles og forankra måla innan dette området.

Dagen vart avslutta med eit innlegg frå assisterande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Jo Dale Pedersen. Dale Persen går inn i styringsgruppa for Ocean Hyway Cluster og skal bistå klynga med oppgåver og aktivitetar knytt til finansiering og risikovurderingar av prosjekt.

Frå venstre: Mark Purkis (OHC), Øystein Ulleberg (IFE), Maria Brandsøy (OHC), Kristin Svardal (OHC), Jo Dale Pedersen (Sparebanken Sogn og Fjordane), Stein Kvalsund (OHC), Mikael Johansen (Multi Maritime), Sveinung Furnes (Multi Maritime), Velaug Myrseth Oltedal (HVL), Linda Mortensen Midtbø (Flora Hamn KF), Steinar Kostøl (Fjord 1 ASA), Hans Jakob Walnum (Vestlandsforsking), Jostein Bogen (ABB).    Ikkje på bildet: Aksel Skjervheim (Gasnor), Anders Valland (Sintef Ocean), Per Sandberg (Equinor), Erling Sande (SFE).

Frå venstre: Mark Purkis (OHC), Øystein Ulleberg (IFE), Maria Brandsøy (OHC), Kristin Svardal (OHC), Jo Dale Pedersen (Sparebanken Sogn og Fjordane), Stein Kvalsund (OHC), Mikael Johansen (Multi Maritime), Sveinung Furnes (Multi Maritime), Velaug Myrseth Oltedal (HVL), Linda Mortensen Midtbø (Flora Hamn KF), Steinar Kostøl (Fjord 1 ASA), Hans Jakob Walnum (Vestlandsforsking), Jostein Bogen (ABB).

Ikkje på bildet: Aksel Skjervheim (Gasnor), Anders Valland (Sintef Ocean), Per Sandberg (Equinor), Erling Sande (SFE).



Kristin Svardal