Kurs i prosjektleiing i Florø 10 og 11 mai 2019

Folkeuniversitetet arrangerer kurs i prosjektleiing - PLP prosessen med forelesar Tom Joensen, rådmann i Bremanger kommune.

Kurset går totalt 4 dagar (28 timar). 1 samling på 14 timar blir i haust med oppstart i Florø fredag 10 og laurdag 11 mai 2019. Det vert lagt opp til mellomliggande arbeid med ein konkret case som skal løysast i mellom dei to samlingane. Så blir det ny samling same studiested fredag 13 og laurdag 14 september.
Prisen for kurset er kr. 7500,- pr deltakar. Evt. servering/lunsj kjem i tillegg.  Undervisningen vil gå på dagtid på fredag 10-17.00 og laurdag frå 09.00 – 16.00.   

Påmelding til kurset i prosjektleiing kan du gjere ved å klikke på denne linken eller du kan gå til nettsidene www.folkeuniversitetet.no og søke på Florø.

Dette kurset har som mål å gje deltakaren innføring i eit vel utprøvd verktøy for prosjektutvikling og -styring. Metodikken er ein kjend og mykje nytta metode og byggjer på fire sentrale prinsipp for god prosjektleiing:

  1. Oppbygging,

  2. Organisering,

  3. Avgjerdsprosess

  4. Oppfølging og kvalitetssikring.

PLP legg og vekt på personleg ansvar, forpliktande samarbeid og resultat. Det vil difor på dette kurset bli lagt stor vekt på at dei einskilde verksemdene er med og bidreg gjennom erfaringsutveksling og diskusjon. Vi vil og starte kurset med forventningsavklaring, slik at deltakarane får kome med innspel om kva dei forventar å sitje att med etter at kurset er ferdig. Målet er at desse fire dagane med opplæring i prosjektleiing, skal vere matnyttig, praktisk retta og gje meirverdi til dei som deltek.  

Dette er eit kurs for dei som ønskjer ein praktisk og strategisk forståing av prosjektarbeid og prosjektleiing. Med bakgrunn i generell prosjektteori, får du kompetanse til å bruke PLP-metodikken som verktøy for å styre og delta i prosjekt på ei målretta og effektiv måte. Kurset passer difor særleg godt for deg som har ansvar for, leier eller deltek i prosjektarbeid, både i offentlig og privat sektor.

 Forelesar vil i løpet av kurset ta opp følgjande tema:

  • Kva er prosjekt

  • Strategisk forankring

  • Faseinndeling

  • Målstruktur

  • Prosjektorganisering

  • Prosjektmandat

  • Planlegging

  • Kostnader og kompetanse

  • Kritiske risikofaktorar

  • Gjennomføring og oppfølging

  • Gevinstrealisering

Kurset er retta inn på å vere praktisk og konkret. Forelesar er til vanleg rådmann i Bremanger, men har og arbeidd mykje med prosjekt og prosjektleiing og har lang røynsle som forelesar. Kurset gjer ikkje studiepoeng. Ein får tilsendt kursbevis etter fullført kurs.

Maria Brandsøy