Opnar for sal av eigarposisjonar

I ei pressemelding frå INC Invest AS tirsdag 4 juni kjem det fram at konsernet har innleia sonderingar for å vurdere endringar i framtidig eigarstruktur.

Konsernet har hatt ei god utvikling i ein periode der olje og gassnæringen har hatt betydelege utfordringar. I tida framover vil det bli stilt ytterelegare krav til digitalisering, samhandling, standarisering og effektivisering. Eigarane ønsker å styrke Florø sin posisjon i olje- og gassnæringa. For å sikre arbeidsplassar må basen stadig fornyast. Auka aktivitet krever nyinvesteringar og kompetansen må utviklast og stadig forbetrast. Dette er bakgrunnen for at INC Invest no ser på ny eigarstruktur.

Det vil kunne bli nødvendig å inngå strategiske, finansielle og kommersielle alliansar for å styrke selskapa i den framtidige konkurransesituasjonen. Eigarane vil vurdere å knytte til seg andre eigargrupperingar og vil også evaluere løysingar med sal av eigarposisjonar i Fjord Base AS og Saga Fjordbase AS.

Maria Brandsøy