Multi Maritime har utvikla kombinert fôr- og frakteskip

Egil Ulvan Rederi AS har inngått avtale om bygging av stykkgods/fryseskip hos Tersan Shipyard. Det er Multi Maritime i Førde som har utvikla fartøyet.

Reiarlaget har utvikla lastefartøyet sammen med Multi Maritime, det 11. i rekken av fartøy som er utvikla i dette samarbeidet siden slutten av 1990-talet. Design og løysinger er eit resultat av eit prosjekt som har pågått over tid mellom reiar Ivar Ulvan og Multi Maritime.


2019 03 Multi Maritime.png

I følge Egil Ulvand Rederi er dette bedrifta si største enkeltståande investering og representerer det ypparste av grøn teknologi som kjem til å trafikkere kysten dei kommande år.

Fartøyet har ei total lengde på ca 86m og total bredde inkl. brovinger på ca 24m. Maksimal dødvekt vil være ca. 3500 tonn. Det vil i hovudsak gå på flytande naturgass (LNG).

I utviklinga har det har vore stort fokus på skrogoptimalisering for mest mogeleg energieffektiv framdrift. I tillegg har dei tatt i bruk den nyaste og beste miljøteknologien på marknaden.

Les meir om denne saka på enten ILaks.no eller Skipsrevyen.

Maria Brandsøy