Nullutslepp passasjerfartøy – Trøndelag viser veg

Trøndelag fylkeskommune går i spissen for å sikre nullutslepp drift av sine hurtigbåtar i framtida. Med 7,5 millionar i stønad frå Miljødirektoratets klimasatsprogram har dei etablert eit svært bra prosjekt som no har bringa på bordet dei fem beste tekniske løysingane for nye fartøy.

Samarbeid for å spreie kunnskap
Trøndelag fylkeskommune samarbeider med 10 andre fylkeskommunar for å sikre at ny kunnskap om nullutsleppsløysingar blir tilgjengeleg for flest mogeleg. Med utgangspunkt i dei fem løysingsframlegga skal Trøndelag fylkeskommune lyse ut anbod på drift av dei tre hurtigbåtrutene frå Trondheim til Vanvikan, Brekstad og Kristiansund. - Vi arbeider med å førebu eit framtidig innkjøp og håper å ha eit mandat klart tidleg i 2020. Når utlysninga kjem er litt usikkert, men vi sikter mot å ha noko klart før vi skriv 2021, seier Morten Berntsen i Trøndelag fylkeskommune. Etter planen skal nytt materiell vere i drift frå 2024.

Ocean Hyway Cluster som prosjektleiar
Brødene Aa er eitt av konsortia som kvalifiserte seg til deltaking i Trøndelag-utlysinga. Ocean Hyway Cluster har etablert god fagkompetanse knytt opp mot maritim bruk av hydrogen og hydrogenbaserte framdriftssystem og har eit stort nasjonal og internasjonalt nettverk. Vår FoU-ansvarlige Trond Strømgren har hatt rolla som prosjektleiar for Brødrene Aa-konsortiet.

Fem god løysingar
Dei fem løysingane blei presenterte på ein konferanse på Hell ved Trondheim 3. september. Alle konsortia har valt elektrisk drift for ruta Trondheim Vanvikan. Under kan du lese om dei ulike konsepta.

Rødne
Partnarar er Rødne, Meran, Scalesia, Fjellstrand og Echandia Marine. Konsortiet tilbyr hurtigbåt med foilløysing og hydrogendrift på rutene til Brekstad og Kristiansund.

ZEFF
Partnarar er Selfa, Norled, Servogear, Hyon og LMG Marine. Konsortiet har designa ein ny type foilfartøy som skal gå på hydrogen i dei to lange rutene. Dei definerer 45 % reduksjon i energiforbruk ved si foilløysing.

Flying Foil
Partnarar er Flying Foil, NTNU, Brødrena Aa, Westcon Power & Automation. Ein ny type foilfartøy skal operere i 40 knop med energi frå batteri. Høg fart gir høve til å mellomlade på Brekstad og Sandstad på ruta til Kristiansund. Foilar skal gi 30 % reduksjon i energiforbruk.

Transportutvikling
Partane er Transportutvikling, Lilloe Design, Stadt Towing Tank, Siemens, Fosen Namsos Sjø og Profjord. Konsortiet har batteridrift på alle ruter og har designa ein metode for automatisk skifte av batteri undervegs. Skifte blir på Brekstad og i Kjørsvikbugen og Kristiansund.

Brødrene Aa
Partnarar er Brødrene Aa, Westcon Power & Automation og Boreal Sjø. Konsortiet tilbyr nytt hurtigbåtdesign basert på Brødrene Aa sine standard energieffektive katamaranskrog. Det blir hydrogendrift av fartøya på dei to lengste rutene.

 

Arbeidsmøte mellom Trøndelag fylkeskommune og Brødrene Aa-konsortiet. F.v. Morten Berntsen og Lars Fabricius, Trøndelag fylkeskommune; Anstein Aa, Br. Aa; Lars-Erik Larsen, Boreal Sjø; Pål G. Eide, Westcon Power & Automation; Trond Strømgren, Ocean Hyway Cluster; Ole Andre Aa, Brødrene Aa

Arbeidsmøte mellom Trøndelag fylkeskommune og Brødrene Aa-konsortiet. F.v. Morten Berntsen og Lars Fabricius, Trøndelag fylkeskommune; Anstein Aa, Br. Aa; Lars-Erik Larsen, Boreal Sjø; Pål G. Eide, Westcon Power & Automation; Trond Strømgren, Ocean Hyway Cluster; Ole Andre Aa, Brødrene Aa

Maria Brandsøy