Offshore vind – aukande globalt omfang

Store internasjonale aktørar aukar si satsing på offshore vind. Aktørane etterlyser større engasjement frå leverandørindustrien for å kunne realisere større volum og ta i bruk betre teknologiløysingar.

Kai Stoltz frå GCE Ocean Technology summerte opp mangfaldet i den norske leverandørindustrien til offshore vind

Kai Stoltz frå GCE Ocean Technology summerte opp mangfaldet i den norske leverandørindustrien til offshore vind

Science Meets Industry Bergen
Vår samarbeidspartnar GCE Ocean Technology er ein av arrangørane av dette årvisse arrangementet som samlar den norske offshore vind-bransjen. Om lag 170 personar deltok på årets konferanse. Mange gode føredragshaldarar sette fokus på mogelegheiter, utfordringar og behov. Prisnivået har gått ned for offshore vind og feltutbyggingar blir no realiserte utan subsidiar.

Opner vindfelt på norsk sokkel
Statssekretær Liv Lønnum i Olje- og energidepartementet påpeika at Noreg har ein svært kompetent leverandørindustri som no har store mogelegheiter i ein aukande internasjonal marknad. Regjeringa vil opne for offshore vind på norsk sokkel og har definert felta Utsira Nord i Nordsjøen og Sandskallen nordvest for Hammerfest som dei to første. Regjeringa vurderer også å opne feltet Sørlege Nordsjø 2. Det ligg ute høyringsnotat og framlegg til føreskrift på regjeringa sine sider. Lønnum nemnde spesielt prosjektet Deep Purple der Hub for Ocean er partner. Prosjektet koplar offshore vind og lagring av hydrogen på havbunnen.

Danske Ørsted er store
Ørsted satser stort og har 2450 tilsatte som arbeider med offshore vind. Selskapet er engasjert i utvikling, konstruksjon, operasjon og eigarskap av vindfelt. I løpet av dei sist 10 åra har Ørsted redusert sine CO2-utslepp med 72 % og auka si operative forteneste med 61 %. Hovudårsaka til auka forteneste er målretta satsing på volum og store anlegg.

Equinor leiar på flytande vind
Equinor har vore hovudansvarleg for prosjektering og bygging av Hywind Scotland. Neste satsing er Hywind Tampen vest av Florø der planen er å installere 11 vindurbinar på 8 MW kvar. Equinor ser føre seg eit stort marknadspotensiale i komande utbyggingar av offshore wind. – Vi ønsker alle partar velkomne inn i offshore vind-marknaden, sa Arne Eik i Eqiunor. – Dess fleir prosjekt som blir realiserte, dess meir vil kostnadsnivået gå ned. Det vil ha nytteverdi for alle som er engasjerte i offshore vind, avslutta Eik.

Mange mogelegheiter
Leverandørindustrien har no mogelegheiter til å få innpass i ei veksande næring. Kai Stoltz frå GCE Ocean Technology heldt eit svært bra avsluttande innlegg der han summerte opp mangfaldet i den norske leverandørindustrien til offshore vind. Illustrasjonsfotoet viser eit imponerande mangfald. Ta kontakt med Trond Strømgren om du vil ha fleir detaljar frå konferansen.

Maria Brandsøy