Rekruttering og attraktivitet

Rekruttering og attraktivitet

Sentrale samfunnsdebattantar peikar på rekruttering som den store utfordringa i åra som kjem. Korleis møter vi denne utfordringa; med passivitet eller ein offensiv og målretta strategi der det og vert lagt vekt på attraktivitet og omdømme?

Ved fleire høve det siste året har eg delteke på ulike seminar og konferansar der utfordringa med rekruttering stadig er tema. Når det over langt tid vert eit repeterande tema, tyder dette på at vi eigentleg ikkje tek fatt i utfordringa, men etablerer ein «klagekultur». Det finnast sjølvsagt gode eksempel på det motsette, både Sparebanken Sogn og Fjordane og NOREC lukkast i sine rekrutteringsprosessar og fleire.  Kva er så årsaka til at nokre aktørar lukkast med rekruttering og andre ikkje gjer det. Har arbeidssøkjande manglande eller feil kompetanse? Eller er konkurransen med dei sentrale bymiljøa med sine urbane tilbod så sterk at regionale distriktsaktørar tapar kampen om dei gode  personressursane. Og kan det vere slik at dei som lukkast har eit sterkt og visjonært framtidssyn på strategisk personalutvikling og rekruttering?  


Kjenneteikna for dei som lukkast med å skape attraktivitet og godt omdømme


Dei fleste som lukkast har ein offensiv og optimistisk utviklingskultur, det er kort veg mellom ide, avgjerd og handling. Og dei som lukkast er dyktige på å gripe dei moglegheitene og høva som byr seg. I eit lokalt perspektiv er det eit tett og godt samarbeid mellom kommune og næringslivet, der ein og framsnakkar eldsjelene og dei som representer ny skaparkraft.

Det som ifølgje forskarane elles kjenneteiknar ein god utviklingskultur er samspel og innsats over tid, rask reaksjonsevne og at satsing i næringslivet fortrinnsvis bør skje ved å stimulere det næringslivet ein allereie har. Spinn-off og nye forretningsmoglegheiter skapast ofte der eksisterande næringsaktørar møtast for å drøfte felles utfordringar og moglegheiter.   

Forskarane peikar og på «blindspor» som ikkje forklarer suksess: Gode utviklingsplanar, god kommuneøkonomi, sentral lokalisering og ein fastlagt form for organisering.


Felles utfordringar, men og moglegheiter

Vi veit at dårleg omdømme kan gjere at potensielle moglege arbeidstakarar ikkje søkjer jobb hos oss. Å bygge godt omdømme startar med å vere ein god arbeidsgjevar og arbeidsplass. Gode historier om ein god arbeidsplass er mest truverdig når det vert fortalt av dei som allereie er tilsett og som potensielle arbeidssøkjarar kan identifisere seg med. Vidare er det og slik at godt omdømme byggast når f.eks studentar eller lærlingar har gode erfaringar på ein arbeidsplass, og fortel det vidare til sine personlege kontaktar. Og ein god start på ein karriereveg for både elevar og studentar er at ulike verksemder aktivt lyser ut sommarjobbar. Dette er viktig både for elevar og studentar, det er alltid godt å ha med seg relevant arbeidserfaring når ein både skal velje karriereveg for eventuelt vidare utdanning eller yrkesval. Og ikkje minst er det viktig for ulike verksemder på tanke på ei langsiktig rekruttering.  

For mange av oss er det slik at vi bur og arbeider i det som vert definert som distriktskommunar der næringslivet for tida har auke arbeidsplassvekst. Dei respektive kommunane har difor ei utfordring i å skape bustadsattraktivitet for at denne veksten skal gi samfunnsutvikling og befolkningsvekst, men kommunane kan ikkje skape attraktivitet aleine. Attraktivitet skapast i samspel mellom kommunane, næringsliv, frivillig sektor og andre. Og godt samspel mellom kommune og dei andre viktige samfunnsaktørane krev høg grad av tillit. Kommunen har på mange måtar eit ansvar for å skape denne tilliten gjennom openheit, god dialog og vedvarande utviklingsprosessar for å skape attraktivitet. Dei  tillitsmålingane som er gjennomført så langt syner ein klar, svært stor samanheng mellom tillitsnivået i ein kommune og kommunen sin attraktivitet både for næringsliv og busetnad.


Oppsummert

Maktar vi som samfunnsaktørar å skape dei nødvendige tillitsrelasjonane som gjer det attraktivt for potensielle arbeidssøkjarar å etablere seg utanfor dei store byområda? Vi har eit felles ansvar for å  bygge attraktivitet og omdømme saman med eit offensivt og framtidsretta næringsliv.  Vi kan ikkje sei at vi har lukkast med å utvikle eigne verksemder og næringsliv før vi er betre i stand til å utvikle, behalde, og rekruttere kompetanse ved at det er færre tilsette som sluttar eller ønskjer å slutte og at det er lettare å rekruttere nye tilsette.

Tida er inne for å tenkje nytt i ein region som har tilbakegang i folketalet, men har eit av landets  mest innovative næringsmiljø. Vi er klar, er du? 

Florø 24. mai 2019
Stein Kvalsund, dagleg leiar

Kristin Svardal