Utviding av SINTEF Ocean Hybrid lab i Trondheim

Onsdag 4. april markerte 70 delegatar utviding av Sintef Ocean sitt energilaboratorium i Trondheim. Det nye tilskotet er to hydrogenbaserte 30 kW brenselceller. Ocean Hyway Cluster var invitert og deltok på markeringa.

Samarbeidsprosjekt
Ein del av bakgrunnen for utviding av hybridlaboratoriet er Fiskerstrand sitt prosjekt HYBRIDship som gjeld utvikling av hydrogendriven bilferje. Dette prosjektet fekk Pilot-E-stønad i 2017. Blant partane i prosjektet er ABB og SINTEF Ocean. Desse aktørane har no gått saman om å installere hydrogendrivne brenselceller med tilbehøyr som ein del av laboratoriet. Cellene er leverte av Hydrogenics.

Simulere driftssituasjon
Frå før var SINTEF Ocean Hybrid lab utstyrt med dieselmotorar, generatorar, batteripakke og regulerbar last. Dette har gjort det mogeleg å simulere batteridrift eller hybriddrift av fartøy. Tilskotet med brenselceller vil no gjere det mogeleg å simulere drift av fartøy med hydrogen som drivstoff. Målsettinga med testing er å etablere kunnskap for å optimalisere design av maritime hydrogenbaserte energisystem generelt og Fiskerstand sitt system spesielt.

Internasjonal deltaking
Det deltok personar frå kring 10 nasjonar på markeringa. Trond Strømgren representerte Ocean Hyway Cluster. Deltakinga var stor fordi denne type laboratorium er det første i Noreg og truleg også i verda. Mange av dei frammøtte hadde delteke på den internasjonale hydrogenkonferansen i Florø i oktober 2018. Fleire av dei lovde å stille på den komande konferansen 18.-19. september.

Les meir om laboratoriet i artiklar frå ABB her, SINTEF her eller Teknisk Ukeblad her (krev abonnement).

Foto: Brenselcellene er plasserte i den blå containeren. Hydrogenlageret er i trykkflaskane til høgre på fotoet.

Foto: Brenselcellene er plasserte i den blå containeren. Hydrogenlageret er i trykkflaskane til høgre på fotoet.

Kristin Svardal