Back to All Events

Studietur Orknøyane


2019 01 Studietur Orkney.JPG

Studietur Orknøyane - fornybar energi og hydrogen

I samarbeid med GCE Subsea inviterer vi di bedrift til å møte ei rekke leiande bedrifter innan fornybar energi på Orknøyane, Skottland. Fokus vil vere på bølge og tidevasskraft, hydrogenproduksjon- lagring og bruk.

Det vil bli tid til individuelle møter og bedriftsbesøk. Vi kan tilpasse programmet etter ønske frå di bedrift, slik at du møter relevante aktørar.

NB: kun 10 plassar igjen 


Program

27 mai: Reise til Orknøyane (Kirkwall/Stromness). Reiserute avgjer du, men vi anbefaler avreise 27 mai for å sikre at du er på plass i Stromness til oppstart tirsdag morgon.

28 mai: Informasjon frå Aquatera, EMEC, ICIT og deira masterprogram. Presentasjon av norske aktørar. Besøk til EMECs bølgjekraft test-site Bilia Croo. På kvelden arrangerer vi ei uformell samling saman med studenter og lærarar ved ICIT og relevant næringsliv.

29 mai: Informasjon om BIG HIT prosjektet og offentleg transport og ferger på Orkenøyane. Tur til øya Shapinsay, der vi får innblikk i ulike hydrogenprosjekt. Ferge til Aberdeen seint på kvelden, framme om morgonen.

30 Mai: Retur til Norge

I tillegg til bedrifter har vi med oss studentar frå fornybar energi bachelorstudiet ved Høgskulen på Vestlandet, FoU aktørar, offentleg sektor ++  

Deltaking og pris

Open for alle bedrifter, men avgrensa tal påmeldingar. Medlemmar i Maritim Foreining, Ocean Hyway Cluster eller GCE Subsea har førsterett. Medlemmer har ikkje deltakingsgebyr, men må bestille og betale alle utgifter sjølv (reise, opphald, mat osv). Ikkje medlemmer betalar 3000 NOK per pers.

Påmelding her

Spørsmål? Kontakt maria@hubforocean.no

Earlier Event: April 2
Nettverkssamling