Deep Purple – lagring av vind på havbotnen

Prosjektet Deep Purple er nominert som ein av kandidatane til Rystad Energy sin prestisjetunge pris Gullkronen i klassen Green Initiator of the Year. Kåring av vinnar skjer i Oslo 6. februar.

Forskingsrådets idelab 2016

Trond Strømgren frå Maritim Forening Sogn og Fjordane er del av gruppa som har utvikla Deep Purple-konseptet frå utspringet under Forskingsrådet sin idelab i juni 2016 og fram til i dag. TechnipFMC har overteke rettane til konseptet og arbeidar saman med arbeidsgruppa fram ny og grensesprengjande teknologi som i stor grad kan bidra til å redusere klimagassutslepp og oppfylle måla i Paris-avtalen.

 

Stor miljøgevinst

Kring 27 % av alle CO2-utslepp i Noreg kjem frå olje- og gassutvinninga på norsk sokkel. Dei om lag 160 gassturbinane på sokkelen står for storparten av desse CO2 utsleppa.  Deep Purple utviklar teknologiløysingar for å sikre oljeplattformane stabil nullutslepps energiforsyning i form av elektrisk energi.

 

Når det er vind vil plattformane få direkte straumforsyning frå vindturbinanen. Overskotskrafta frå vindturbinane vil bli nytta til å produsere hydrogen som blir lagra i trykktankar på havbotnen. I periodar utan vind kan hydrogenet omformast til elektrisk energi via brenselceller og så leverast til plattformane.

Både elektrolysørar for produksjon av hydrogen og brenselcellene blir plasserte i skafta på vindturbinane. Konseptet kan også levere hydrogen til framtidig nullutslepps framdrift av supplybåtar og til lagring og distribusjon av hydrogen som drivstoff til maritim sektor og landbaserte forbrukere.

 

Stort potensiale

– Deep Purple byr på store mogelegheiter for framtida, seier Trond Strømgren som også representerer GCE Ocean Technologies i prosjektet. – Satsinga på offshore vind aukar rundt om i verda og det er både ein nasjonal og global marknad for konseptet. Eg gler meg til å bidra vidare i arbeidet og til å kople næringslivet på Vestlandet tettare på prosjektet, avsluttar Strømgren.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Strukturplast snart i nytt bygg

Neste
Neste

Ønsker du ekstra profilering på Nor Shipping 2019?