Om menneska
Menneska er den viktigaste ressursen. Vi i Hub for Ocean leverer verdifull innsikt og rådgjeving utan å vere avhengig av eksterne ressursar. Målet vårt er å vere di glaskule. Ta kontakt med oss i dag for å utforske korleis Hub for Ocean kan vere din sparringspartner på nye ideer, teknologiar og framtidas løysingar.
Stein er CEO i Hub for Ocean og ein av initiativtakarane bak etableringa i 2012. Med lang erfaring frå både offentleg og privat sektor, har han jobba med utviklingsarbeid i skjæringspunktet mellom samfunn, næring og innovasjon. I HfO arbeider han for å styrke berekraftige havnæringar gjennom samskaping, synleggjering og strategisk utvikling, med mål om å gjere Vestlandet til ein leiande region innan grøn industri og teknologi.
Stein har ein mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing frå Høgskulen i Volda, eit årsstudium i bedriftsøkonomi og har fullført Management Program i samspel og leiing ved Handelshøyskolen BI.
Ingeborg starta i september 2024 og kjem frå jobben som fyrstekonsulent i Landbruksdirektoratet. Ingeborg har eit personleg engasjement for korleis vi skal jobbe for å omstille oss til eit meir sirkulært samfunn.
Ho vil være ansvarleg for våre satsningar i Symbiose Fjordane, og jobbe med næringsutvikling og innovasjonsaktivitetar.
Ingeborg har ei tverrfaglig utdanning med ein bachelorgrad i Økologi og naturforvaltning og ein mastergrad i Bioøkonomi fra NMBU.
Karoline starta hos oss i desember 2023 som kommunikasjonsvansvarleg. Ho har bakgrunn frå teknologibransjen, sist ansatt i Norse Feedback, der ho var med å bygge opp markeds, kommunikasjon- og salgsstrategiar. Karoline har lang erfaring innan sal og markedsføring og vil ha ansvar for å synleggjere medlemmane i Ocean Hyway Cluster (OHC), samt være sentral i arbeidet med kommunikasjonsstratgien for selskapet.
Karoline har bachelor i marknadsføring frå Markedshøyskolen ved Høyskolen Kristiania.
Dimana starta i august 2025 og tar med seg erfaring frå Norsk-Ukrainsk Handelskammer i Oslo, den norske ambassaden i Helsingfors og Innovasjon Norge i Stockholm. Ho har god erfaring med næringsutvikling, kommunikasjon og prosjektleiing, og brenn for å jobbe tett med næringslivet, spesielt her i Vestland.
I HfO jobbar Dimana med planlegging og koordinering av arrangement, og med produksjon av digitalt innhold til SoMe, nettsider og nyheitsbrev. Ho er også prosjektleiiar for Jenter og Teknologi-samlinga i samarbeid med Kinn Kommune, og Hydrogenkonferansen til Ocean Hyway Cluster.
Dimana held på med ein mastergrad i statsvitenskap med fokus på strategisk kommunikasjon og internasjonal handel med sjømat, og tek samtidig digital økonomi og leiing ved HVL i Bergen.
Beate er COO i Hub for Ocean og har ansvar for å leie og koordinere den daglege drifta av kontoret, samt sikre god administrativ støtte til både CEO og klyngeleiar i Ocean Hyway Cluster. Ho utviklar og implementerer rutinar som styrkar samhandling, og har ansvar for budsjettoppfølging, økonomisk rapportering og finansieringsstrategi.
Beate har ein mastergrad i økonomi frå NHH og solid leiarerfaring frå Fjord Base, Havlandet og Evoy, med fokus på vekst, internasjonalisering og finansiering. Ho var med i oppstartsåra til HfO, og er no tilbake med same engasjement for å drive fram utviklinga av berekraftige havnæringar.
Maria byrja hos oss i august 2025 som business development manager. Ho har doktorgrad og brei erfaring frå prosjektleiing, prosjektøkonomi og digital infrastruktur - med bakgrunn fra både forskning og næringsliv, nasjonalt og internasjonalt.
Ho har jobba tett med aktørar som NORCE, Bergens Næringsråd og Vestland fylkeskommune, og har opparbeidd solid kompetanse i skjæringspunktet mellom teknologi og samfunn. Maria har deltek aktivt i samfunnsdebatten med innlegg om KI og teknologisk utvikling.
I Ocean Hyway Cluster jobber Maria med å utvikle nye samarbeid, partnarskap og søknader mot nasjonale og europeiske program. Ho er spesielt oppteken av korleis syntetisk intelligens kan bidra til det grøne skiftet - særlig gjennom maritime løysingar.