
Prosjekt
Blått avfall, grøn ressurs
Blått avfall, grøn ressurs er ei av satsingane innan programmet Symbiose Fjordane. Målet er å jobbe fram sirkulære verdikjeder for handtering av restråstoff frå havbruksnæringa. Restråstoff utgjer ei viktig verdiskapande ressurs i norsk sjømatnæring, og det ligg stort potensiale i å auke utnyttelsesgraden med berekraftige løysingar.
Handtering av fiskeslam og restråstoff er energikrevjande og transporterast i dag over lange avstander. Det er behov for å utforske nye, effektive løysingar som reduserer miljøavtrykk. Fiskeslam og anna restråstoff inneheld også fosfor som er ein begrensa ressurs i verda. Fosfor er nødvendig for all matproduksjon, og sentral for forsyningssikkerheit og derfor ein ressurs som må nyttast og gå tilbake i eit omløp. Det er også ei god kjelde til nitrogen, som kan nyttast i t.d. landbruket.
Hub For Ocean koordinerer satsinga og det er etablert eit konsortium av aktørar i verdikjeda for fiskeslam med oppdrettsaktørar, avfalls- handterarar, slakteri, biogass- forum, forskings- og høgskulemiljø og sentrale, offentlege aktørar som alle er viktige bidrasytarar i arbeidet.
Gjennom innspel frå konsortium og ressursgruppe, våre medlemsbedrifter og andre sentrale næringsaktørar og samarbeidspartar, innhentar vi kunnskap, organiserar og koplar på andre samarbeid og aktivitetar som er relevant i utviklingsarbeidet.
Fokus for arbeidet er utviklingsarbeid og prosjekt knytta til (oppsamlings- ) teknologi, slamhandtering og logistikk som er sentrale barrierar i utviklingsarbeidet, i tillegg til å bygge opp ein sirkulær økonomi med konkrete næringsutviklingsprogsjekt. FoU- aktivitetar og marknad er også sentrale område å forske på.
Frå sidestraumar i hydrogenproduksjon til sirkulære løysingar
Hydrogen- og ammoniakkproduksjon genererer verdifulle sidestraumar i form av oksygen og varme. Desse ressursane blir i dag lite nytta, sjølv om dei har potensial til å bidra til både verdiskaping og meir berekraftige løysingar – spesielt innan sektorar som havbruk, prosessindustri og energi.
Oksygen kan kanskje brukast som innsatsfaktor i havbruk (til dømes ved oksygenering av oppdrettsanlegg) eller i industriprosessar som potensielt krev rein oksygen. Varme kan sjåast på som ein mogleg ressurs i fjernvarmesystem, til tørking av biomasse, eller til oppvarming av vatn i landbasert oppdrett. Desse døma peiker på nokre tenkjelege bruksområde, men det er enno uklart i kva grad dei let seg realisere i praksis. Det kan òg finnast andre moglegheiter som bør utforskast nærare.
Utfordringa er at vi manglar kunnskap og erfaring med korleis desse sidestraumane kan nyttast på ein effektiv måte. Dette gjer at vi går glipp av moglegheiter for både reduserte kostnader og betre ressursbruk. For å kome vidare treng vi meir forsking, betre deling av kunnskap og tettare samarbeid mellom industri, forskingsmiljø og offentlege aktørar.
For å undersøke desse moglegheitene nærare, har Hub for Ocean starta eit forprosjekt som skal kartleggje aktuelle bruksområde for oksygen og varme frå hydrogen- og ammoniakkproduksjon. Målet er å samle relevante aktørar frå industri, forsking og forvaltning for å utforske potensialet for verdiskaping, fremje kunnskapsdeling og leggje grunnlaget for vidare samarbeid.
Vil du vite meir om våre prosjekt, ta kontakt!
Takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge for støtte.