Vestlandet sin koblingsentral for kunnskap og kompetanse
Hub for Ocean er ein medlemsorganisasjon og eit nettverk for den blå næringa på Vestlandet.
Vi koplar menneske, bedrifter, kunnskap og kompetanse og skapar møteplassar der idéar kan utviklast, samarbeid kan oppstå og nye moglegheiter kan bli til verkelegheit. Gjennom nettverk, arrangement, prosjekt og synleggjering byggjer vi eit miljø som gir grobotn for nyskaping, samarbeid og nye verdikjeder.
Vi er ein yngleplass for den blå næringa og ein pådrivar for utvikling, samarbeid og nye verdikjeder på Vestlandet.
Våre fokusområde:
Leiiande innan innovasjon: Vi investerar tid og ressursar i vår eigen kompetanse og er regionens primære innsiktleverandør på nye idear, teknologiar og framtidas løysingar. Vårt mål er å vere di glasskule.
Vi trur på samskaping. Vi skal skape ei felles arena og yngleplass der bedrifter kan møtast, dele kunnskap og ressursar. Vi jobbar mot eit levande økosystem som gir grobunn for innovasjon og vekst som kan føre til synergier og nye verdikjeder.
Vi jobbar for næringsutvikling. Vi skal bruke og dele av vår bransjeinnsikt til å identifisere vekstmoglegheiter, tilby rådgjeving og støtte, og koble våre medlemsbedrifter på marknadsmoglegheiter nasjonalt og internasjonalt.
Vi jobbar aktivt med synleggjering av medlemmane våre.
Hub for Ocean driftar også den nasjonale klynga Ocean Hyway Cluster, som arbeider for å realisere hydrogenbaserte løysingar i maritim næring.
Vil du vere med å forme morgondagens blå næring? Bli ein del av vårt økosystem.
Styret i Hub for Ocean
Gunnar Stein Hareide
Styreleiar
Chairman of the Board
Anders Haugen
Nestleiar
Head of DW and Yard Development
Hellenes Industries
Arlen Solheim
Dagleg leiar
Arez
Stig Ove Auflem
Sales manager
Nyborg
Linda M. Midtbø
Havnesjef
Florø Hamn KF
Jim Tore Kristiansen
Distriktsleiar NordVest
Novaform
Steinar Hauge
Marknadssjef
Tussa IKT