Hub for Future 2025
Hub for Future er ein nettverkssamling som samlar aktørar frå næringsliv, forsking og forvaltning for å drøfte og utvikle løysingar på viktige samfunnsutfordringar. Gjennom samarbeid og deling på tvers av næringar kan vi skape nye verdiar, redusere avfall og fremje berekraftig ressursutnytting. Dette er avgjerande for å byggje sterke og innovative verdikjeder som støttar opp under ei grøn framtid.
Årets samling fann stad på Knutholmen i Kalvåg, der vi hadde to dagar med innsikt, dialog og samarbeid i vakre omgjevnader. Arrangementet løfta fram sentrale tema knytt til marknad og rammevilkår i endring, drivne av ei global omstilling mot sirkulære verdikjeder. Målet var å styrke det regionale økosystemet gjennom framtidsretta løysingar.
Globale utfordringar, endra rammevilkår og digitale moglegheiter
Samlinga starta med ein nydelege båttur i strålande sol. Vel framme på Knutholmen vart rammene satt med eit kraftfullt innlegg frå sjefsøkonom Elisabeth Holvik i SpareBank 1, som tok for seg dei store globale trendane og ei verd prega av aukande geopolitisk maktkamp. Vidare reflekterte stortingsrepresentant Olve Grotle (H) rundt dei politiske rammene for næringsutvikling, før Holvik og Grotle deltok i ein drivande god paneldebatt saman med representantar frå næringslivet.
Etter pausen stod digitalisering og automatisering på agendaen som viktige konkurransefortrinn. Bedrifter som Fjord 1, Tussa IKT, Paneda og Nyborg delte erfaringar og teknologiutvikling innan IKT, sikkerheit og nye forretningsmodellar. I neste bolk fekk vi innblikk i korleis Ervik Marine Research arbeider for å skape verdig av restråstoff.
Dag 1 blei avslutta med at deltakarane delte tankar og innspel om kva dei ønskjer at Hub for Ocean bør arbeide vidare med. Kvelden runda av med ein nydeleg trerettar på Knutholmen - ei sosial og verdifull ramme for nettverksbygging.
Innovasjon, kunnskapsdeling og framtidsløysingar
Andre dag starta med ei kort oppsummering frå gårsdagens presentasjonar, før fokuset retta seg mot innovasjon i havbruksnæringa. Koda Technologies, Havland, Metizoft og Evoy presenterte framtidsretta løysingar med fokus på berekraft, elektrifisering og smart teknologi. Eit konkret døme var samarbeidet mellom Koda Technologies, Havland og Flotlife om praktisk handtering av slamrensing på Havland - eit tiltak med stort potensial for sirkulærøkonomi i bransjen.
Etter pausa følgde vi opp innsiktsdugnaden frå dagen før, og det blei ein god diskusjon blant deltakarane om kva dei ønskjer at Hub for Ocean skal fokusere på framover.
Cloudberrie sette fokus på digitale løysingar og opplæring, og synte korleis VR kan brukast som eit effektivt verktøy i opplæringssamanheng.
I avslutningspanelet stod samspel mellom næringsliv, politikk og virkemiddelapparatet i sentrum, med fokus på korleis ein saman kan skape innovasjon og utvikling i regionen.
Samlinga blei avrunda med havets lunsj, etterfølgd av bedriftsbesøk hos Pelagia. Under besøket fekk vi eit innblikk i Pelagia si produksjon, der dei foredlar eit breitt spekter av førsteklasses norsk sild. Produktsortimentet omfattar salta, marinert og krydra sild i ulike storleikar – inkludert det kjende nederlandske sildeproduktet “Matjes”. Vi fekk òg høyre korleis dei jobbar med handtering og utnytting av restråstoff, som ein del av ei meir berekraftig verdikjede.