Jenter og teknologi: - Drømmen er å sitte oppe i ei tårnkran
10. november fekk alle jentene i 9. klasse i Florø og Eikefjord oppleve Jenter og teknologi-dagen. Målet med dagen var å inspirere til eit mangfaldig arbeidsliv.
“Min nye drøm er få å sitte opp i ei tårnkran”, forklarte ein av elevane begeistra etter ein tur innom standen til kranførar Alette Karstensen. I løpet av dagen var elevane innom 11 stands der dei fekk innblikk i alt frå livet som røyrleggar, programmerer og maskinsjef til elektrikar og biolog. Dei fekk prøve seg på å lage knutar som vert brukt i merder på standen til Selstad og det var kappløp mellom gruppene om kven som klarte å køyre lengst med hydrogen-bilen til Ocean Hyway Cluster.
Saka held fram under bildet.
Alice Blålid og Frida Jarlsby i Selstad lærar elevane om knuter.
Arbeidskraft med rett kompetanse
Tekniske fagarbeidarar, ingeniørar og realistar er ettertrakta i marknaden, og dette er fagområde med ein låg kvinneandel. Hub for Ocean og Kinn kommune, som står bak arrangementet, ønskjer å inspirere fleire jenter til å søke realfag og teknisk utdanning, og vise kva moglegheiter som finst. Medarrangør Siri Odijk Solbakken var nøgd med responsen frå jentene:
Det var så kjekt å sjå engasjementet til elevane! Arbeidskraft med rett kompetanse er den største utfordringa for mange av dei 130 medlemsbedriftene våre. Difor er det ekstra kjekt å sjå at mange av jentene fekk augene opp for yrkesfag, realfag og teknologi, seier Siri.
Siri Odijk Solbakken (til venstre) i lag med fysikklærar Elina Korssund Andrianopoulos som fortel kor kjekt ho har det på jobb.
21 rollemodellar
9. klassejentene vart betre kjend med desse yrkene og personane:
Kranfører Alette Karstensen, ConocoPhillips
Elektriker Marion Hansen og Elektrikerlærling Heidi Sundal, Fokus Elektro
Prosjektingeniør Kristina Skogen, Ocean Hyway Cluster
Opplæringskonsulent Jeanette Engen, ByggOpp, i lag med elevane Oda Halvorsen og Valeria Ogarkova
6 elevar frå Teknologi- og industrifag (TIF)
Fysikklærer Elina Korssund Andrianopoulos, Flora vgs.
Utviklingsingeniør Frida Jarlsby & HR-Koordinator Alice Blålid, Selstad
Rørlegger Guro Dregelid, Florø Rør
Software programmerer Mikaela Adéle Hobring, ScaleAQ
Marinbiolog Thea Båtevik, Fjordane Friluftsråd
Overstyrmann Cecilie Strand & Maskinsjef Anne-Mone Strandmann, Fjord1
Dagen starta med at rollemodellane fortalte om utdanninga og jobben sin frå scena.
Etter det besøkte elevane ulike stands der dei vart betre kjend med yrkene. Her forklarar rørleggar Guro Dregelid kva utstyr ho nyttar i jobben sin. Etterpå fekk elevane prøve å montere ein bunnledning.
Mikaela Adéle Hobring i ScaleAQ fortel elevane om programmering.
Alette Karstensen i ConocoPhillips fortel om arbeidet som kranførar offshore.
På standen til ByggOpp fekk jentene øve seg på bygging i ein småskala variant.
Vi i Hub for Ocean vil takke rollemodellane for den gode innsatsen på scena og på stand! Og takk til elevane for mange gode spørsmål og eit stort engasjement.
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller kommentarar til denne saka.
Siri Odijk Solbakken
Kommunikasjonsrådgjevar
E-post: siri@hubforocean.no
Telefon: 977 53 065