Framtidas kompetanse
Frå seminar til nettverk for berekraftig rekruttering
Dato: 22. mai
Tid: 10:00 – 13:30
Stad: Florø Kulturhus
Framtidas arbeidsliv startar her!
Vi inviterer deg som vil få ting til å skje – som bryr deg om rekruttering, kompetanse og framtidas arbeidsliv. Dette er ikkje berre ei samling, det er starten på noko nytt: Ei kraftsamling for å finne løysingane som styrker næringslivet i regionen.
Kven ønskjer vi å nå:
Ledere i næringslivet og offentleg sektor
HR- og rekrutteringsansvarlege
Utdanningsaktørar
Alle med hjarte for framtidig kompetanseutvikling
Program
Oppstart 10:00
Velkommen
Startskotet for eit fellesskap – kvifor vi møtest, og kva vi ønskjer å få til saman
Berekraftig samfunnsutvikling i tøffe tider
Vi blir fleire eldre og færre yngre. Kva betyr det for tilgang på arbeidskraft og kompetanse framover?
Rolf Bjarne Sund
Kven er framtidas arbeidstakar?
Flora Videregåande skule
Suksess = Begeistring² / Ubehag
Måløy Vekst
Det gode livet er meir enn jobb
Alexandria Følsvik, Flora U40
Vi treng folk; rekruttere, utvikle og behalde
Dei smarte hodene har vi allereie, og mykje godt arbeid er allereie gjort. Korleis kan vi lære av kvarandre til det beste for alle?
Sju av ti les ikkje stillingsannonsar. Betyr det at folk ikkje er interessert i ny jobb?
Kristine Slettehaug, Framtidsfylket Vestland
Global rekruttering, en grenseløs mulighet
Linda Sinclair Aukland, Evoy
Effektiv onboarding - nøkkelen til langvarig suksess
Regine Gausemel, Fjord 1
Lett Lunsj 11:30
Frå forsyningsbase til kompetansebase – slik utviklar vi framtidas arbeidskraft
Marthe Opheim, Fjord Base og Terje Lyngstad, Fagskulen Vestland
Voksesmerter og mulighetsrom. Kva gjer vi no?
Ninja Tolo Ness, Westcon
Korleis skal vi rekruttere nødvendig arbeidkraft innan helse og velferdstenestene våre i framtida?
Cicilie Færestrand, Kinn Kommune
Frå å være anonym og med få søkarar, til å bli den mest populære bedrifta for lærlingar
Bjarte Trædal frå Cargill & Jorunn Kirketeig frå Pro Vestland Opplæringskontor
Vegen vidare – etablering av nettverk
Vi samlar trådane – og slepp dei ikkje. Dagen blir runda av med blikket retta mot neste steg.
Vi legg fram tanken bak eit nytt nettverk for rekruttering og kompetanse, og inviterer alle med vidare i utforminga.
Ferdig 13:30
Har du spørsmål om arrangementet?
Ta gjerne kontakt.
Framtidas kompetanse er eit Samarbeidsprosjekt mellom