4 gode grunner til å delta på Nettverkssamling

No er det mindre enn 3 veker til vi møtest på Sandane 26. – 27. oktober! Her er 4 grunner til å delta på Nettverkssamling 2022! 
 

1) Leverandør innan havvind: Equinor, NORWEP, Fjord Base og Wergeland Group fortel om leverandørmoglegheiter innan havvind.

 

2) Middag på Sølvane Gard: Nye krefter har tatt over garden som har drevet med geitedrift i generasjonar, og no inviterer dei oss på smaksfest i låven. Med lokalprodusert mat på menyen og dyktige kokker på kjøkkenet blir dette ei minnerik oppleving!

Middagen 26. oktober blir i den vakre låven på Sølvane Gard. Foto: Sølvane Gard.

 


3) Nøkkelpersonar på deltakarlista:
Billettane går unna og vi er glade for å sjå deltakarar frå ei rekkje ulike næringar på deltakarlista. Gloppen Hotell er snart fullbooka, så her er det berre å hive seg med!

4) Nettverksbygging til nye høgder: Leirdueskyting, oste- og ølsmaking står på programmet på ettermiddagen 26. oktober! Ha det gøy samtidig som du utvidar nettverket ditt.


Håper å sjå deg på Sandane 26. - 27. oktober!

Program og påmelding

Hei!

Har du spørsmål eller kommentarar til denne saka? Ta gjerne kontakt.

 

Siri Odijk Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 977 53 065
E-post

 

Sponsorar for Nettverkssamling 2022 er

 
 


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Lanserer elektrisk redningsbåt

Neste
Neste

Måløy Verft: - Fartøyet er designet for fremtiden