Her er årets traineestillingar i Vestland

 

I dag lanserte Framtidsfylket 50 ledige traineestillingar i Vestland. Er du nyutdanna eller heilt fersk i arbeidslivet og ynskjer å sette spor i Vestland bør du sjå her!


Som trainee i Framtidsfylket er du tilsett i éi bedrift i Vestland i eitt år, og mange får tilbod om fast jobb etter traineeåret. Du får ein unik overgang frå studieliv til arbeidsliv, som gjev deg godt innsyn i næringslivet i Vestland. 
I tillegg til fast jobb i eitt år, er du ein del av eit sosialt nettverk av trainear kor du får eigen mentor i bedrifta, fellessamlingar med fagleg og sosialt program, studietur og god arbeidserfaring. 

Av dei 50 ledige stillingane finn vi fleire av dei hos medlemsbedrifter i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster: 

Hugs å søke før 1. april!

Sjå alle traineestillingar

Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Miriam Edler

Profileringskonsulent
+47 993 91 599
miriam.edler(a)hubforocean.no

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Multi Maritime Florø flyttar inn i nye lokale

Neste
Neste

Multi Maritime saman med Hauschildt Marine har vunne kontrakt - utviklar ny dansk ferje