Vi støttar Kloden vår
Saman med prosjektgruppa har dagleg leiar, Sigmund Frøyen, no tatt steget og registrert Kloden Vår Folkehøgskule i Brønnøysundregisteret. Med veletablerte formål for føretaket som baserar seg på å tenke globalt, ta ansvar for natur og miljø, inspirere til inkluderande åtferd, er Kloden Vår no eit prosjekt som søker lokale og regionale samarbeidspartnarar samt finansiell støtte for å kunne bli realisert.
Eit sterkt nettverk i emning
Ideen om ny folkehøgskule vart presentert hausten 2019 og var presentert politisk ved årsskiftet. No som ideen er formalisert med eige organisasjonsnummer startar prosessen med å realisere Kloden vår Folkehøgskule. Innanfor ressursbasen dei har oppretta finn ein ulike aktørar som allereie støttar prosjektet. Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster er to av desse.
For oss er det viktig å støtte opp under eit tiltak som jobbar med bærekraft. For vår organisasjon er det viktig med lokale og regionale initiativ der bærekraft og industriell utvikling vert sett i samanheng. Arena og tiltak der ungdom er i sentrum for denne utviklinga er det viktig for oss å støtte.
- Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster
Sigmund Frøyen understrekar at dei no arbeidar med å få lisens.
- Vi ber om støtte til etablering av Folkehøgskule i Florø. Midla vi får inn vil gå til etablering og drift, i fall vi får lisens.
Stein Kvalsund og dagleg leiar i Kloden Vår Folkehøgskule, Sigmund Frøyen
Ein skule for si tid
Skulen vert delt inn i tre kunnskapshagar som bindast saman av fellesfag som famnar og integrerer menneske, samfunn og miljø, fortel Frøyen.
Naturhagen har fokus på bærekraftig hausting av naturressursar og nye grøne næringar, kulturhagen studerer ulike kunstnariske uttrykksmåtar og teknologihagen utforskar grøn teknologi og nye teknologiske flater og kva dei gjer for menneske og miljø, forklarar Frøyen.
I tillegg til økologi som fellesfag fins det fleire valfag som inngår i desse kategoriane, og skulen ynskjer å rette seg mot miljøbevisst og kunnskapssøkande ungdom.
- I eit økologisk perspektiv heng alt saman med alt, og slik er det òg med linjene på Kloden vår Folkehøgskule. Dei inviterer til utstrakt samarbeid på tvers av hagar og linjer, fortel Frøyen.
Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster ser fram til å følge med på prosessen vidare og håpar så mange som mogleg ynskjer å støtte eit så flott prosjekt.