Novaform og Fjord1 leder an i verdens første autonome fergesamband

 

Vi startar 2026 med sterke nyheiter frå medlemsmassen! Dette prosjektet viser verkeleg kva som skjer når leiande aktørar i klynga set kursen mot framtida.

 

Kontraktsignering. Fra venstre Kim Andrè Salbu (Fjord1) Harry Marius Sund og Jim Tore Kristiansen (Novaform).
Foto: Novaform

 

Novaform og Fjord1 har teke eit stort steg inn i framtidas maritime infrastruktur gjennom ei omfattande avtale om byggjeleiaransvar og elektrifisering av fleire fergesamband langs kysten. Avtalen omfattar mellom anna ombygging av kaiene på Lavik og Oppedal - eit prosjekt som blir heilt sentralt i etableringa av verdas første autonome fergesamband for både gods- og passasjertrafikk.

Dette markerer eit viktig gjennombrot både teknologisk og operasjonelt, og viser korleis den norske maritime næringa held fram med å liggje heilt i front internasjonalt. Prosjektet byggjer vidare på Novaform sitt tidlegare arbeid med kontrollsenteret som skal overvake og styre det autonome sambandet, og gir selskapet høve til å følgje utviklinga frå teknologi og styringssystem til ferdig elektrifiserte kaier.

I tillegg til hovudprosjektet har Novaform òg inngått sju nye kontraktar med Fjord1 for ombygging og elektrifisering av sambandene på Krakhella, Rysjedalsvika, Askvoll, Værlandet, Måløy, Stårheim og Isane. Med desse avtalane passerer selskapet no over 70 ombygde ferjekaier for Fjord1 – eit tydeleg teikn på både tillit og lang erfaring innan komplekse samferdsleprosjekt.

Prosjekta strekkjer seg heilt fram til 2028 og gir ei betydeleg ordrereserve, noko som skapar både føreseielegheit og rom for vidare utvikling. Novaform trekkjer spesielt fram tilliten som er vist til prosjektleiar Harry Marius Sund, som får ansvar for alle dei nye ferjekaiene.

Fjord1 vil òg lyse ut fleire stillingar knytte både til strekninga Lavik–Oppedal og andre kommande prosjekt, så det er berre å følgje med framover!


Du kan lese heile saka hos Novaform her.


 

Trainee kommunikasjon og eventkoordinering

+47 950 70 528

E-post

 
 
Neste
Neste

Julehilsen 2025