Utvidar staben med 50%!

Florøbaserte Evoy har som visjon å eliminere utslepp frå båtar verda over. Deira heilelektriske framdriftssystem for båtar vekkjer interesse både nasjonalt og internasjonalt. For å møte den auka etterspørselen så utvidar dei staben med 50%!


Evoy leverer 100% elektriske og nøkkelferdige framdriftssystem for nye og eksisterande båtar. Dei neste åra skal Evoy byggje opp ein organisasjon og produktportefølje som skal gå frå å vere regional til internasjonal. Evoy sine kjerneverdiar er Ekte, Innovativ, Berekraftig og Gøy.

Spennande stillingar
Kunne du tenke deg å jobbe i Evoy? Desse 4 stillingane er no lyst ut:

Søknadsfristen for dei to førstnemnte er 17. mai 2020, og dei to siste har søknadsfrist 24. mai 2020.


Det blå skiftet
Evoy er ei ambisiøs bedrift i sterk vekst. Dei tek aktivt del i det blå skiftet ved å utvikle heilelektriske framdriftssystem med null utslepp av klimagassar.

 

Systema på opptil 800 hk er designa og testa for å fungere i dei tøffaste forholda i verda, Norge si kystlinje, og er best egna for båtar som er 20-30 fot. Fordelane med eit heilelektrisk framdriftssystem er betydeleg mindre støy, fråvær frå lukt og eksos, og mindre tid på vedlikehald.

Delar av team Evoy. Foto: Evoy

Delar av team Evoy. Foto: Evoy

 

Evoy leverer både innanbords- og utanbordssystem. Dei første innanbordssystem blir levert i 2020. Ein kraftig utanbordsmotor vil stå klar for marknaden i 2021.

Evoy har nyleg blitt medlem i Hub for Ocean. Vi er svært glade for å ha fått dei med på laget!

 
Foto: Evoy

Foto: Evoy

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Alf Helge Aarskog satser på EVOY!

Neste
Neste

Flytende havvind – muligheter for norsk leverandørindustri