Nyheiter
Nytt og spennande servicebåtkonsept under utvikling
Eit nytt og innovativt servicebåtkonsept for havbruksnæringa er under utvikling i Sunnfjord, der innovative krefter frå Førde, Florø, Atløy og Bygstad jobbar saman. Den nye servicebåten har potensiale i seg til å revolusjonere både arbeidsmetodane og effektiviteten.
Evoy flytter inn i nye lokaler
Draumen om hurtige elektriske båtar starta allereie i 2005, da Leif Stavøystrand og faren hadde ein av sine whiskey workshops. Denne ideen klistra seg hos Leif heilt fram til 2018, da han grunnla Evoy på guterommet heime. Sidan den gang har Evoy hatt ein enormt vekst, og er no oppe i 30 tilsette fordelt på 8 nasjonar. Ein konsekvens av dette er at dei no har flytta ut av sine lokale i Peak Florø og inn til nye, større lokale i Hamregata.
Vel blåst nettverksamling
10 – 11. November kunne vi endelig samle aktørar til nettverksamling for fagleg påfyll, nettverksbygging og mingling. Frå Vadsø i nord til Sandefjord i øst samla 80 aktørar innan den maritime næringa seg i Florø for å høyre meir om tema som «bærekraft som utviklingsmoglegheit» og «framtidas fiskeflåte».
Levering av siste brønnbåt i same serie
Det tredje og siste av trillingskipa til ESVAGT blei i dag levert frå Havyard Leirvik. Til saman har verftet levert seks havvind-skip og har med det ein sterk posisjon i dette segmentet.
Hurtigbåten MS «Hollendaren» kan frakte vogntog på 50 tonn
Troms og Finnmark fylkeskommune får i dag levert kombibåten frå Brødrene Aa som, i tillegg til passasjerar, kan frakte eit 19 meter langt vogntog på opptil 50 tonn!
Storfint besøk frå næringskomitéen
Onsdag 3.11 fekk Hub for Ocean besøk av stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen frå Arbeiderpartiet.
Ny kontrakt på fiskefartøy til Jarle Bergs Sønner AS
Skipskompetanse har inngått avtale med Jarle Bergs Sønner AS og Larsnes Mek Verksted for bygging og design av eit nytt kystnotfartøy til Trond og Børre Berg i Bodø/Værøy, Nordland.
OceanONE -eit komplett bølgjekraftverk klar for marknaden
Havkraft er klare for å gå saman med kundar for å introdusere løysinga i marknaden; eit komplett bølgjekraftverk.
Bli med på speed-dating
10 – 11. November skal Hub for Ocean ha nettverksamling i Florø, der du har moglegheit til nettverksbygging, lytte til bedrifter og spennande foredragshaldarar om det som skjer innan den maritime næringa. I tillegg er det mulighet til å delta på ein 3-retters middag på kvelden med mingling.
Samla 9. klasse til Jenter og Teknologi-dagen
Tysdag 26. Oktober var det duka for den årlege Jenter og Teknologi-dagen i Florø, der jenter i 9. klasse fekk høyre frå 15 kvinnelige rollemodellar om sin yrkesbakgrunn og arbeidskvardag. Målet er å inspirere til eit mangfaldig arbeidsliv og informere spesielt om yrker som mange kan sjå på som mannsdominerte.
Brødrene Aa har fått internasjonaliseringspris
Verftet Brødrene Aa er tildelt Vestlands internasjonaliseringspris Villsauen 2020. Juryen vurderer hjørnesteinsbedrifta i Hyen ledande i utvikling av lettvekt, lavutslepp og utsleppsfrie hurtigbåter.
Går saman om grønn skipsfart
Florø hamn går inn på eigarsida av selskapet Skipskraft, og dermed skal dei saman med SFE drifte landstraumsanlegga i Florø.
Ledige stillingar hos medlemsbedriftene
No er det fleire ledige stillingar hos medlemsbedriftene til Hub for Ocean. Nokre av stillingane har kort søknadfrist, så her er det berre å søke på det som fangar di oppmerksomheit.
Brødrene Aa og Fjord Base i Grønn Plattform prosjekter
Grønn Plattform er ei ny satsing som gir bedrifter og forskingsinstitutt midler til forskning- og innovasjonsdriven grønn omstilling. Ordninga er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, Innovasjon Norge, Siva og Enova. 1,1 milliardar kroner er sett av til Grønn Plattform i perioden 2021 – 2023. Elleve ambisiøse prosjekt over heile landet får mellom 50 – 120 millionar kvar til å utvikle blant anna avfallfrie byggeplassar, heilhetleg grøn verdikjede for oppdrett til havs, auka ombruk av tre og teknologi som legg til rette for permanent CO2-lagring.
Østerbø maskin og Ecomerden inngår rammeavtale
Østerbø Maskin har inngått eksklusiv rammeavtale på levering av PE-rørsystem til dei semilukka merdene til Ecomerden. – Dei har solid kompetanse innan havbruk og er i stadig utvikling innan plast-segmentet. Så dette er eit samarbeid vi har trua på, seier dagleg leiar Jan Erik Kyrkjebø i Ecomerden AS.
Fiskeri- og sjømatminister satt første byggestein i nytt torskeyngelanlegg
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen var på plass for å ta første spadestikk etter at dei norske partnarane har satsa stort på torskeoppdrett i industrikomplekset Fjord Base.
INC Invest får støtte til berekraftige investeringar
INC Invest, på vegne av Saga Fjordbase og Fjord Base har fått innvilga tilskot på 12,5 millioner kroner fra Kystverket. Den betydelige støtten skal bidra til å gjennomføre investeringar i meir effektive og miljøvennlege hamner på Fjord Base.
Evoy signerer partnerskap med Hukkelberg
Florøselskapet Evoy ønsker å gi deg båtopplevelsen med nyskapande, miljøvennlege løysingar. No har dei signert ein partnerskapsavtale med aukraverftet Hukkelberg Boats for å imøtekomme den enorme etterspurnaden som Evoy opplever fra ulike segment.
Havyard Leirvik vann ombyggingskontrakt
Verftet i Leirvik vann kontrakta for ombygging av ferja MF Lote. Ferja skal gå Skaberget - Bognes over Tysfjorden i Nordland, og nullutsleppsferje var eit av krava for å få kontrakta.