Nyheiter
YS Elektro sikrar verdifull kunnskap og kompetanse i bygda
Før jul vart YS Elektro medlem i Hub for Ocean og er vårt siste tilskot i nettverket! YS Elektro er ein totalleverandør av elektrotekniske tenester til kundar innan maritime næringar, akvakultur, energisektoren og bygg- og anleggsbransjen.
På jakt etter ny jobb?
No er det fleire ledige stillingar hos medlemsbedriftene til Hub for Ocean. Nokre av stillingane har kort søknadfrist, så her er det berre å søke på det som fangar di merksemd.
Julehelsing og eit kort tilbakeblikk på 2021.
«Vegen vert til mens vi går» er for mange eit kjent ordtak. På tampen av året 2021 kan det for oss i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster opplevast som at «vi har aldri gått denne vegen før, kva gjer vi no?»
Global Growth – Digitalisering og avkarbonisering av den maritime næringa i Singapore
Singapore er verdas leiande maritime hovudstad og i ferd med å transformere den maritime næringa gjennom digitalisering og avkarbonisering.
Are you interested in coming with us to the Orkney islands?
Then we want to hear from you! Over the past years we have organized study tours to Orkney islands to meet leading renewable players and learn about wave and tidal power, hydrogen production, storage, and use.
If there is interest among our members, we would like to arrange a trip to the Orkneys in the spring 2022.
Brødrene Aa med ny heilelektrisk leveranse
Brim Explorer vel heilelektrisk i karbonfiber til sitt neste passasjerskip i Brim-serien.
Fjord Base mottar Enovastøtte for landstrømprosjekt
Dette er Enova si tolvte utlysing for investeringsstøtte til landstrøm sidan 2016. Gjennom desse rundene har Enova gitt støtte til 114 landstrømprosjekter med over 800 millioner kroner.
Nytt og spennande servicebåtkonsept under utvikling
Eit nytt og innovativt servicebåtkonsept for havbruksnæringa er under utvikling i Sunnfjord, der innovative krefter frå Førde, Florø, Atløy og Bygstad jobbar saman. Den nye servicebåten har potensiale i seg til å revolusjonere både arbeidsmetodane og effektiviteten.
Evoy flytter inn i nye lokaler
Draumen om hurtige elektriske båtar starta allereie i 2005, da Leif Stavøystrand og faren hadde ein av sine whiskey workshops. Denne ideen klistra seg hos Leif heilt fram til 2018, da han grunnla Evoy på guterommet heime. Sidan den gang har Evoy hatt ein enormt vekst, og er no oppe i 30 tilsette fordelt på 8 nasjonar. Ein konsekvens av dette er at dei no har flytta ut av sine lokale i Peak Florø og inn til nye, større lokale i Hamregata.
Vel blåst nettverksamling
10 – 11. November kunne vi endelig samle aktørar til nettverksamling for fagleg påfyll, nettverksbygging og mingling. Frå Vadsø i nord til Sandefjord i øst samla 80 aktørar innan den maritime næringa seg i Florø for å høyre meir om tema som «bærekraft som utviklingsmoglegheit» og «framtidas fiskeflåte».
Levering av siste brønnbåt i same serie
Det tredje og siste av trillingskipa til ESVAGT blei i dag levert frå Havyard Leirvik. Til saman har verftet levert seks havvind-skip og har med det ein sterk posisjon i dette segmentet.
Hurtigbåten MS «Hollendaren» kan frakte vogntog på 50 tonn
Troms og Finnmark fylkeskommune får i dag levert kombibåten frå Brødrene Aa som, i tillegg til passasjerar, kan frakte eit 19 meter langt vogntog på opptil 50 tonn!
Storfint besøk frå næringskomitéen
Onsdag 3.11 fekk Hub for Ocean besøk av stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen frå Arbeiderpartiet.
Ny kontrakt på fiskefartøy til Jarle Bergs Sønner AS
Skipskompetanse har inngått avtale med Jarle Bergs Sønner AS og Larsnes Mek Verksted for bygging og design av eit nytt kystnotfartøy til Trond og Børre Berg i Bodø/Værøy, Nordland.
OceanONE -eit komplett bølgjekraftverk klar for marknaden
Havkraft er klare for å gå saman med kundar for å introdusere løysinga i marknaden; eit komplett bølgjekraftverk.
Bli med på speed-dating
10 – 11. November skal Hub for Ocean ha nettverksamling i Florø, der du har moglegheit til nettverksbygging, lytte til bedrifter og spennande foredragshaldarar om det som skjer innan den maritime næringa. I tillegg er det mulighet til å delta på ein 3-retters middag på kvelden med mingling.
Samla 9. klasse til Jenter og Teknologi-dagen
Tysdag 26. Oktober var det duka for den årlege Jenter og Teknologi-dagen i Florø, der jenter i 9. klasse fekk høyre frå 15 kvinnelige rollemodellar om sin yrkesbakgrunn og arbeidskvardag. Målet er å inspirere til eit mangfaldig arbeidsliv og informere spesielt om yrker som mange kan sjå på som mannsdominerte.
Brødrene Aa har fått internasjonaliseringspris
Verftet Brødrene Aa er tildelt Vestlands internasjonaliseringspris Villsauen 2020. Juryen vurderer hjørnesteinsbedrifta i Hyen ledande i utvikling av lettvekt, lavutslepp og utsleppsfrie hurtigbåter.
Går saman om grønn skipsfart
Florø hamn går inn på eigarsida av selskapet Skipskraft, og dermed skal dei saman med SFE drifte landstraumsanlegga i Florø.
Ledige stillingar hos medlemsbedriftene
No er det fleire ledige stillingar hos medlemsbedriftene til Hub for Ocean. Nokre av stillingane har kort søknadfrist, så her er det berre å søke på det som fangar di oppmerksomheit.