Auka næringssamarbeid med India

Ein av dei største norske delegasjonane til utlandet nokon sinne besøkte India denne veka. Målsettinga med besøket er å auke næringssamarbeidet mellom India og Norge. Sektorane maritim, marin og energi er særleg viktige satsingsfelt.

Etterspør kompetanse og løysingar

Erna Solberg med sin politiske- og administrative stab var ein sentral del av delegasjonen. Trond Strømgren deltok som representant for Maritim Forening Sogn og Fjordane og den nyskipa industriklynga Ocean Hyway Cluster. - Her er eit stort potensiale for vestnorsk maritimt næringsliv, seier Strømgren. - Både offentleg sektor og bedrifter etterspør til dømes ulike typer fartøysdesign og framdriftssystem med grønare profil.

Miljøaspekt og berekraftig utvikling

India har størst vekst av alle G20- landa og potensialet for investeringar og næringssamarbeid er stort. Styresmaktene har fokus på miljø og berekraftig utvikling. India si 7600 kilometer lange kystline legg tilrette for offshore vind i stor stil. Eit større prosjekt er under utvikling på vestkysten. Der går også ein av verdas viktigaste internasjonale skipsleder forbi. Offshore vind kombinert med hydrogenproduksjon og bunkring av hydrogen til skip kan bli ei stor næring for India i framtida.

Norsk teknologi kan bidra

Solenergi er svært utbreidd og det er behov for elektriske framdriftsløysingar for mindre fartøy som opererer lokalt. Dette er løysingar vi kan bidra med frå Norge. Indiske styresmakter bygger ut 111 nye innanlandske vassvegar, til saman 20.000 kilometer. Design av moderne frakte- og passasjerfartøy med liten djupgang er eit behov. Det er vidare trong for 270 nye linefartøy og snurparar til den indiske fiskeflåten. Designet kan vere norsk medan fiskefartøya blir bygde i India. På sikt kan kompetanse frå verksemdene i Ocean Hyway Cluster bidra med nullutsleppsløysingar og hydrogenteknologi som kan redusere India sine klimagassutslepp.

Bygger nettverk

Strømgren har hatt ei rekke møte med representantar for indiske styresmakter og næringsliv, og også med sentrale politikarar og næringslivsaktørar i den norske delegasjonen. - Eg opplever stor interesse for kompetansen og løysingane som det vestnorske næringslivet kan tilby. Eg trur fleire av relasjonane kan bli utvikla i framtidige leveransar, avsluttar han.

Trond Strømgren representerer også vår samarbeidspartnar GCE Subsea på delegasjonsreisa og i møte med indisk næringsliv.

Møte med Inland Waterways  Authority of India

Møte med Inland Waterways Authority of India

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Origod AS klar med kursdatoar for pakking, plassering, sikring og transport av last

Neste
Neste

Vindmølleskip nummer åtte for Havyard