Flora kommune nominert til årets klimatiltak 2018

2018 10 Zero pris.JPG

Flora kommune er blant dei 5 nominerte til Årets lokale klimatiltak, med prosjektet "Nullutslepps hurtiggåande passasjerfartøy". Vinnaren vil bli offentliggjort på Zerokonferansen 7 november i Oslo.

Hydrogendreven passasjerbåt

Flora kommune er nominert på bakgrunn av sitt arbeid med ein hydrogendreven passasjerbåt. Maritim Forening er prosjektleiar og Brødrene Aa, Mancraft og Florø Skyssbåt er blant bedriftene som er involvert i prosjektet.

Dei fire andre nominerte er Bergen, Båtsfjord, Trøndelag og Østfold. I Zeros pressemelding seier dei at alle prosjekta bidrar til eit nødvendig teknologiskifte i transportsektoren, frå fossilt drivstoff til fornybare og utsleppsfrie løysingar. Samtidig er prosjekta gode eksempel på korleis det arbeidast med lokale og meir overordna internasjonale mål samtidig. Det viser og korleis det kan oppnås resultat gjennom samarbeid med andre aktørar i og utanfor kommunen.

Grunngjevinga for at Flora kommune er blant dei 5 toppnominerte er fordi dei initierte prosjektet som no har resultert i utvikling og design av ein 30 meter land hydrogendreven passasjerbåt. De legg vekt på at det er eit pilotprosjekt i ordets rette forstand med utvikling av heilt nye løysingar med stor overføringsverdi til andre norske og internasjonale aktørar. Prosjektet er også eit godt eksempel på samarbeid mellom kommunesektor, lokalt næringsliv og andre aktørar.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Teknologi og realfag – jentene styrkar seg

Neste
Neste

Skipskompetanse designar første hybrid-brønnbåt