Symbiose Fjordane

Symbiose Fjordane er eit Hub for Ocean- program for sirkulærøkonomisk næringsutvikling. I samarbeid med privat og offentleg sektor, FoU og verkemiddelapparatet, skal programmet danne robuste partnarskap og nettverk for utvikling av industrielle symbiosar og etablere fullstendige sirkulære verdikjeder for handtering av organisk restråstoff.   

Symbiose Fjordane er ein felles regional samskapingsarena der bedrifter møtast i eit dynamisk økosystem for å dele kunnskap og ressursar. Dette gir grobunn for nye verdikjeder for handtering av organisk restråstoff. Gjennom samskaping utviklar vi ei sterkare og meir symbiotisk næring.

I programmet ligg det eit stort potensiale for å skape økonomisk vekst, nye forretningsmodellar, innovasjonar, nye arbeidsplassar og ikkje minst gje grunnlag for eit nytt grønt næringsliv på Vestlandet.   

Hub for Ocean er involvert i fleire ulike sirkulære satsingar, m.a. i Sunnfjord kommune (ressursgjenvinning frå avløpsslam), Høyanger (m.a. sirkulære metallprosessar) og Bremanger (restråstoff frå planlagd produksjon av hydrogen og ammoniakk). Vi har også inngått ein strategisk samarbeidsavtale med Måløy Vekst for å styrke våre felles satsingar Symbiose Fjordane og Biohub Måløy som har sitt utspring frå Grønn region Vestland.

Ny temasatsing: Blått avfall, grøn ressurs

“Blått avfall, grøn ressurs” er ei av dei nye satsingane innan programmet Symbiose Fjordane. Målet er å jobbe fram sirkulære verdikjeder for handtering av organisk restråstoff frå havbruksnæringa. Restråstoff utgjer ei viktig verdiskapande ressurs i norsk sjømatnæring, og det ligg stort potensiale i å auke utnyttelsesgraden med berekraftige løysingar.

Hub for Ocean mottar gåve på 1,2 millionar til Symbiose Fjordane frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Handtering av fiskeslam og restråstoff er energikrevjande og transporterast i dag over lange avstander. Det er behov for å utforske nye, effektive løysingar som reduserer miljøavtrykk. Fiskeslam og anna restråstoff inneheld også fosfor som er ein begrensa ressurs i verda. Fosfor er nødvendig for all matproduksjon, og sentral for forsyningssikkerheit og derfor ein ressurs som må nyttast og gå tilbake i eit omløp. Det er også ei god kjelde til nitrogen, som kan nyttast i t.d. landbruket.

Hub For Ocean koordinerer satsinga og det er etablert eit konsortium av aktørar i verdikjeda for fiskeslam med oppdrettsaktørar, avfalls- handterarar, slakteri, biogass- forum, forskings- og høgskulemiljø og sentrale, offentlege aktørar som alle er viktige bidrasytarar i arbeidet.

Gjennom innspel frå konsortium og ressursgruppe, våre medlemsbedrifter og andre sentrale næringsaktørar og samarbeidspartar, innhentar vi kunnskap, organiserar og koplar på andre samarbeid og aktivitetar som er relevant i utviklingsarbeidet.

Fokus for arbeidet er (oppsamlings)teknologi og logistikk som er sentrale barrierar i utviklingsarbeidet. I tillegg er FoU- aktivitetar sentralt.


Kalender:

Den 25. - 26. april arrangerer Vestland fylkeskommune Miljøseminar i Florø. Vi vil vere tilstade på arrangementet og er open for dialog med aktørar som ønskjer vite meir om satsinga.

Møteplass vår 2024: Vi planlegg møteplass der m.a. tema (oppsamlings)teknologi og logistikk er sentralt. Ta kontakt om du er interessert i å vite meir.


Vil du vite meir om Symbiose Fjordane eller Blått avfall, grøn ressurs, ta kontakt!

Stein Kvalsund

COO
+47 976 98 785
stein(a)hubforocean.no

Linkedin