Hub for Ocean får 1,2 millionar til Symbiose Fjordane

 

Hub for Ocean får 1,2 millionar kroner i gåve til etablering av Symbiose Fjordane. Målet er å jobbe fram fullstendige verdikjeder for handtering av organisk restråstoff som fiskeslam og anna avfall frå fiskeribransjen, skape næringsutvikling og få fleire aktørar til å samskape.

– Det er viktig for Hub for Ocean å legge til rette for utvikling. Det er ikkje vi som skaper dei teknologiske løysingane, men vi kan sørge for gode møteplassar for aktørar i bransjen som saman kan skape gode innovative løysingar. Å jobbe kvar for seg er ikkje lønsamt, men når ein slår seg saman får vi meir skala på avfallet og vi kan bruke same teknologien, seier Kristin Svardal, dagleg leiar i Hub for Ocean.

Tverrfagleg samarbeid

Frå venstre: Siri Laquian Stavang (senior næringsutvikler), Kristin Svardal (dagleg leiar), Stein Kvalsund (viseadministrerande leiar). Foto: Lisa Giil.

Hub for Ocean er lokalisert i Florø og fungerer som ein koplingssentral for kunnskap og kompetanse innan sirkulærøkonomi. Organisasjonen har allereie etablert eit sterkt økosystem med over 130 medlemmer, hovudsakleg industrielle aktørar.

Symbiose Fjordane er eit nyskapande program som er initiert ut frå tilrådingar frå Grøn region Vestland. Programmet strekker seg på tvers av næringar og etablerte verdikjeder, med mål om å gjere Vestlandet til den regionen der det er enklast for verksemder å etablere sirkulærøkonomiske prosjekt.

–  Vi har jobba i halvanna år med dette, og vi ser eit stort behov for å samarbeide. Dette gjeld aktørar i heile verdikjeda og dei gir gode tilbakemeldingar. Når vi er fleire er det lettare å halde seg orientert om fag og nettverk og kva som rører seg, seier Svardal.

Berekraft og nye arbeidsplassar

Gåva på 1,2 millionar kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar. Banksjef på bedriftsmarknaden Jo Dale Pedersen fekk æra av å overrekke gåva.

–  Dette er ei investering i framtida til regionen og ei stadfesting av kor viktig det er med samarbeid. Banken og stiftinga er opptatt av å støtte innovative prosjekt som bidreg til berekraftig utvikling i regionen, slik som dette prosjektet gjer, og vi gler oss til å sjå resultata, seier Jo Dale Pedersen.


–  Vi er svært takknemlege for denne gåva. Det betyr mykje å ha ein bank og ei bankstifting som støtter dette. Dette gjer at vi kjem oss vidare og gir oss eit økonomisk handlingsrom til å realisere Symbiose Fjordane og auka næringsutvikling på Vestlandet, seier Stein Kvalsund, viseadministrerande leiar i Hub for Ocean.


–  Vi har eit langsiktig perspektiv på dette, og veit at det kjem til å bli stort. Det vil dukke opp mange nye spor som vi kan følge opp, seier Siri Laquian Stavang, senior næringsutviklar i Hub for Ocean som leiar programmet.

–  Dette har også eit viktig berekraftsperspektiv i seg, fordi det vil kome nye næringar og nye arbeidsplassar, avsluttar Stavang.

Ein glad gjeng!
Frå venstre: Halvard Hovland (dagleg leiar, Havlandet), Isabell Skjølberg (produksjonsmedarbeidar, Havlandet), Eivind Nordvik Hauge (produksjonsmedarbeidar, Havlandet), Stein Kvalsund (viseadministrerande leiar, Hub for Ocean), Fredrick Grahl- Jacobsen (Driftsleder RAS), Siri Laquian Stavang (senior næringsutviklar, Hub for Ocean), Kristin Svardal (CEO, Hub for Ocean), Jo Dale Pedersen (banksjef bedriftsmarknaden, Sparebanken Sogn og Fjordane). Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane.

Symbiose Fjordane

Eit Hub for Ocean-program som i samarbeid med privat og offentleg sektor, FoU og verkemiddelapparatet, skal danne robuste partnarskap og nettverk for utvikling av industrielle symbiosar og etablere fullstendige sirkulære verdikjeder som reduserer miljøavtrykk, bidrar til berekraftig verdiskaping og aukar konkurransekraft på Vestlandet.

I programmet ligg det eit stort potensiale for å skape økonomisk vekst, nye forretningsmodellar, innovasjonar, nye arbeidsplassar og ikkje minst gje grunnlag for eit nytt grønt næringsliv på Vestlandet.   

 

Kvifor er det viktig

Ein meir ressurseffektiv og sirkulær økonomi er naudsynt dersom vi skal nå dei klima, miljø- og berekraftsmåla vi har forplikta oss til. FNs International Resource Panel (IRP) har peikt på at det globale forbruket av biomasse, fossilt brennstoff, metall og mineral er forventa å doble seg dei neste førti åra. EU har høge sirkulære ambisjonar om å vere ei global ledestjerne på området sirkulærøkonomi. Regjeringa v/Klima- og miljødepartementet la fram ein Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi i 2021, med sirkulær økonomi som eit definert satsingsområde. Og Vestland fylkeskommune har i sin regionale plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033 slått fast at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon.

Med program Symbiose Fjordane tek Hub for Ocean tak i desse utfordringa med å omsette planar og målsettingar i konkrete prosjekt, samt berekraftige verdikjedar der ein nyttar naturressursar og produkt effektivt og så lenge som mogleg, i kretsløp der minst mogleg ressursar går tapt.


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

Siri Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

 
Forrige
Forrige

Havyard Leirvik AS vinn nybyggskontrakt

Neste
Neste

Eqva sel Havyard Leirvik