Havyard Leirvik AS vinn nybyggskontrakt

 

Verftet ved Sognefjorden har vunne kontrakt på bygging av ein hybrid arbeidsbåt for rederiet Nordlaks. Båten er designa av NSK i Harstad, og skal byggast i sin heilheit ved Havyard.

 

Etter ein lang periode utan nye kontrakter for nybygg blir det endelig nybyggsaktivitet ved verftet i Hyllestad igjen. Kontrakta med Nordlaks kjem rett i etterkant av eigarskiftet som gir verftet nye moglegheiter. Dette er ein veldig fin start for ei ny epoke. MIL Shipping har fungert som meklar og tilretteleggjar for å få til kontrakta.

 

Artikkelen fortsett under biletet.

Hybrid servicebåt for Nordlaks. Illustrasjon: NSK Design.

Vegard Skår, Prosjektsjef i Havyard, Silje Smådal, Salgssjef i Havyard, Inge Berg , CEO i Nordlaks, Øyvind Nikolaisen, NSK Ship Design. Foto: Havyard

Havyard Leirvik er ei hjørnesteinsbedrift i Hyllestad kommune, og prosjektet er viktig for å sikre trygge og gode arbeidsplasser i nærmiljøet. Etter ein periode med aktivitet retta mot service og ombygging, er det godt å kunne annonsere ein nyhet som gir eit lengre perspektiv for dei tilsette, og som bygger opp under vidare satsing og strategi for drifta ved verftet.

 

Prosjektet er også ein god moglegheit for Havyard til å bygge nye relasjonar da dette er eit samarbeid både med eit nytt rederi, men også ein ny designer på nybygg, seier Silje Smådal, salgssjef i Havyard Leirvik

 

I konstellasjonen skal Havyard Leirvik ta hand om heile prosjektet frå skrogproduksjon til ferdigstilling, ved egen lokasjon.

Vi er stolte av å fortsatt ha kompetansen til å bygge komplette båter ved verftet, samtidig som det gir oss flere muligheter i prosjektgjennomføringen, avsluttar Smådal.

 
 

Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

Maria Benæs Hunvik

kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

LinkedIn

 
Forrige
Forrige

Ledige stillingar

Neste
Neste

Hub for Ocean får 1,2 millionar til Symbiose Fjordane