Havtech AS inngår kontrakt med Wilson Shipmanagement AS

 

Havtech AS har inngått kontrakt med Wilson Shipmanagement AS om levering av det skybaserte samhandlingssystemet «Ombord».

Frå venstre: Kjartan Habbestad (dagleg leiar i Havtech AS), Thorbjørn Dalsøren (General Director Wilson Ship Management) og Helene Gjerdevik (Maritime Personell Manager Wilson). Foto: Havtech.

«Dette er ei stor og svært gledeleg kontrakt for alle oss i Havtech. Det at vi får levere produktet vårt og utvikle oss saman med eit av Norges største rederi viser at vi er på rett veg og at vi kan tenkje langsiktig», seier Kjartan Habbestad som er dagleg leiar i Havtech.

Havtech AS har etablert seg som softwareleverandør innanfor fiskeri, frakt og havbruk. Målet er heile vegen å forenkle og effektivisere kvardagen for mannskap og rederi.

«Eg trur vi har klart å lukkast så godt fordi vi har hatt samla fokus på bransjekunnskap, erfaring og teknologi» seier ein fornøgd dagleg leiar.

Wilson er eit Bergensbasert rederi med ein flåte på 114 eigde skip. Med den største «short sea» flåten i Europa, er dei det leiande rederiet innanfor sitt segment.

«Vi er glade for å ha inngått avtale med Havtech og ser fram til eit godt samarbeid. «Ombord» er ei moderne og innovativ løysing for oss med tanke på effektivisering, samtidig som mannskapet vert meir involvert» seier Thorbjørn Dalsøren, General Director i Wilson Ship Management. «Visjonen til Havtech om at også mannskapet skal få ein enklare kvardag er framtidsretta og viktig for oss» avsluttar Dalsøren.

“Ombord”

Tilsette Havtech frå venstre: Kjartan Habbestad, Fredrik Haugsbø, Kristoffer Hatlevik, Ann Kathrin Hårklau og Richard Stølen. Foto: Havtech

I ei tid der digitalisering stadig effektiviserer, har den maritime næringa framleis fleire manuelle og tidkrevjande oppgåver. «Ombord» er den digitale løysinga som effektiviserer desse prosessane, betrar kvaliteten og gjev både mannskap og rederi betre oversikt i sanntid.

Om Havtech

Ombord er utvikla av Havtech AS. Havtech AS er eit teknologiselskap med base i Askvoll, Vestland. Selskapet vart etablert i 2021 og er eit resultat av idear utvikla i tett samarbeid med lokale rederi. Havtech AS har i dag kundar innanfor fiskeri, frakt og servicerederi (havbruk).

Om Wilson

Wilson har den største shortsea flåten i Europa og er det leiande shippingselskapet innanfor sitt segment. Flåten består av rundt 138 frakteskip på mellom 1500 og 8500 DWT og transporterer kvart år 15 millinonar tonn tørrlast. Flåten til Wilson har omtrent 10.000 havneanløp i løpet av eit år. Selskapet har hovudkontor i Bergen, men har og kontor ved strategiskel lokasjoner i Europa. Wilson har rundt 2.000 tilsette.



Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

Siri Stavang

senior næringsutviklar
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

 
Forrige
Forrige

PRO Vestland Opplæringskontor er blitt Miljøfytårn

Neste
Neste

Havyard signerer milliardkontrakt