PRO Vestland Opplæringskontor er blitt Miljøfytårn

 

PRO Vestland opplæringskontor er sertifisert som Miljøfyrtårn og før helga vart dette vart høgtideleg markert med overrekking av blankett av ordføraren.

Ordførar Jenny Følling (t.h.) overrekker plaketten som synleg bevis på at PRO er godkjent Miljøfyrtårn, til ein stolt dagleg leiar i PRO Vestland Opplæringskontor, Jorunn Kirketeig (t.v.). Foto: PRO Opplæringskontor Vestland.

«Dette er noko av det kjekke med jobben min, å få heidre bedrifter og organisasjonar som PRO som tek arbeid med berekraft på alvor», seier ordførar i Sunnfjord kommune, Jenny Følling.

PRO Vestland opplæringskontor vart 26. november sertifisert som Miljøfyrtårn. Å bli sertifisert som Miljøfyrtårn er eit bevis på at ein i si verksemd er oppteken av å redusere miljøpåverknad og å auke berekrafta i arbeidet dei gjer. Arbeidet med å bli sertifisert har gått over tid. Grunnlaget vart lagt i strategiplanen frå 2021. Dei valde ut fem ulike berekraftmål å jobbe med og det var naturleg å gå vidare med å bli Miljøfyrtårn. Det har vore viktig at alle tilsette har deltatt i arbeidet og vore med på prossessane. I  januar 2023 hadde dei ein intern workshop med Rørsla der dei gjekk inn og såg på kva dei fem valde berekraftsmåla betyr for deira daglege arbeid.

«Vi såg at det var ei naturleg veg vidare å gå inn for å bli miljøfyrtårn. Vi opplever at våre samarbeidspartar er positive til at vi no er miljøfyrtårn og dei veit at vi står for strategiplanen vår», seier dagleg leiar i PRO Vestland Opplæringskontor, Jorunn Kirketeig.

Jorunn seier vidare at dei er stolte når Elkem Bremanger, som er blant dei beste bedriftene i Noreg innan miljø og sirkulærøkonomi har merka seg og verdsett at PRO er Miljøfyrtårnsertifisert.

«I denne tida er det grøne skiftet høgst aktuelt, og det er viktig at PRO jobbar hand i hand med det bedriftene gjer. Derfor er det fint å sjå at PRO tek dette på alvor, og har fått miljøfyrtårn-sertifisering», ref. Trudi Vågene, HR-direktør i Elkem Bremanger.

Kristen Sæger-Breisnes henger opp plaketten i PRO Vestland Opplæringskontor sine lokaler som ei påminning om det viktig arbeidet dei gjer. Foto: PRO Vestland Opplæringskontor.

Miljøfyrtårn gir opplæringskontoret verktøya for å rapportere og dokumentere arbeidet dei gjer, samtidig som det gir dei utfordringar til å strekke seg endå lengre. 

«I arbeidet med å bli sertifisert fant vi at mykje av det vi gjer er i tråd med krava som Miljøfyrtårn har, men vi har ikkje vore systematisk nok eller rapportert på det» seier prosjektleiar ved opplæringskontoret, Kristen Stæger-Breisnes.

Han fortel at til dømes har PRO vore digitale i sin kommunikasjon med lærlingane i mange år, dette gjer at dei har lite forbruk av papir. Dei er opptatt av å redusere bruk av energi og å ha fokus på innkjøp. Dei nye læreplanane LK 2020 har alle fokus på berekraft som gjennomgåande tema, dei må vere i forkant når dei skal møte lærlingane og deira medlemsbedrifter. Dei må vise at dei er der allereie. Det å bli sertifisert som Miljøfyrtårn er ein stor motivasjon til å fortsette arbeidet med å minske PRO Vestland Opplæringskontor sine fotavtrykk.

«Det er no arbeidet startar! Vi gler oss!! Vi håper vi klarer å motivere lærlingar og bedrifter som er i startgropa med sitt miljøarbeid», avsluttar Kirketeig.


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

Siri Stavang

senior næringsutviklar
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

 
Forrige
Forrige

Sjekk ut årets traineestillingar i Vestland

Neste
Neste

Havtech AS inngår kontrakt med Wilson Shipmanagement AS