- Hæ, tenar du så mykje?

 

9. november fekk alle jentene i 9. klasse i Florø og Eikefjord oppleve Jenter og teknologi-dagen. Målet med dagen var å inspirere til eit mangfaldig arbeidsliv.


Elevane fekk møte kvinnelege rollemodellar som jobbar i mannsdominerte yrke. I løpet av dagen var elevane innom 11 stands der dei fekk innblikk i alt frå livet som røyrleggar, programmerer og maskinsjef til elektrikar og salssjef. Dei konkurrerte i å bygge det høgaste tårnet av marshmallows and spaghetti, og fekk spinne lykkehjulet til Fjord1.

Utdanning og lønn var 2 tema som gjekk igjen når elevane stilte spørsmål til dei rollemodellane. Reaksjonen “Hæ, tenar du så mykje?” frå ein av elevane vitner om eit noko overraskande lønnsnivå.

Saka held fram under bildet.

 

Marielle Nordnes fotel elevane om jobben som sivilarkitekt i iVest Consult.

 

Arbeidskraft med rett kompetanse

Tekniske fagarbeidarar, ingeniørar og realistar er ettertrakta i marknaden, og dette er fagområde med ein låg kvinneandel. Hub for Ocean og Kinn kommune, som står bak arrangementet, ønskjer å inspirere fleire jenter til å søke realfag og teknisk utdanning, og vise kva moglegheiter som finst. Florø Industri- og Næringsforening sponsar arrangementet. Arrangør Siri Stavang i Hub for Ocean er nøgd med responsen frå jentene:

Det var så kjekt å sjå interessen til elevane! Arbeidskraft med rett kompetanse er den største utfordringa for mange av dei 130 medlemsbedriftene våre. Difor er det ekstra kjekt å sjå at mange av jentene fekk augene opp for yrkesfag, realfag og teknologi, seier Siri.

Siri Stavang (til venstre) i lag med dei 17 rollemodellane.

17 rollemodellar 

9. klassejentene vart betre kjend med desse yrkene og personane: 

  • IT- utviklar Tora Angell-Jacobsen frå Evoy

  • Akvakulturlærling Petra-Marie Indredavik frå E. Karstensen Fiskeoppdrett

  • Logistikkarbeidar Stine Henningsen og anbudsansvarleg Sigrid Sellereite frå Westcon

  • Maskinsjef Anne-Mone Strandmann og IT- utviklar Astrid Bygdås Høgset frå Fjord1

  • Sivilarkitekt Marielle Nordnes frå Ivest Consult

  • Tømrarlærling Valeria Ogarkova frå Mesterbygg

  • Blikkenslagerlærling Oda Nilsen Halvorsen frå Vaardal Blikk og Ventilasjon

  • Elev på anleggsteknikklinja Aurora Laquian Stavang frå Førde vidaregåande skule

  • Hanne Styve og Synne Førde Os, Teknologi og industri- fag på Flora vidaregåande skule       

  • Montørar Heidi Sundal og Marion Hansen frå Fokus Elektro       

  • Rørlegger Karoline Ellingsund frå Florø Rør         

  • Friluftsrådgjevar Anna Kobbeltvedt frå Fjordane Friluftsråd                      

  • Leiar sal og utvikling Linn Nekkøy frå Norwell

Dagen starta med at rollemodellane fortalte om utdanninga og jobben sin frå scena.

Etter det besøkte elevane ulike stands der dei vart betre kjend med yrkene. Her fortel friluftsrådgjevar Anna Kobbeltvedt om jobben sin og kva forspøling gjer med dyrelivet ved kysten.

På standen til Westcon konkurrerte elevane om å lage det høgaste tårnet av marshmallows and spaghetti.

Vi i Hub for Ocean vil takke rollemodellane for den gode innsatsen på scena og på stand! Ein stor takk går til Florø Industri- og Næringsforening som sponsa arrangementet.

Til alle elevane i 9. klasse: Tusen takk til for gode spørsmål og eit herlig engasjement. Vi håper vi har inspirert dykk til å tørre å tenke litt “utanfor boksen”.


Spørsmål?

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller kommentarar til denne saka.

Siri Odijk Solbakken

kommunikasjonsrådgjevar
+47 977 53 065
E-post

LinkedIn

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Eqva sel Havyard Leirvik

Neste
Neste

- Vi gjer arbeidsliv i Vestland kjent!