- Vi gjer arbeidsliv i Vestland kjent!

 

Framtidsfylket Vestland jobbar for å marknadsføre Vestland som arbeidsregion. No er dei ein del av Hub for Ocean sitt økosystem.

Frå venstre: dagleg leiar Linda Hovland, Kine Vikse og Kristine Slettehaug. Foto: Framtidsfylket Vestland.

 Framtidsfylket Vestland er fire tilsette lokalisert frå Nordfjord i nord til Odda i sør som jobbar for å marknadsføre Vestland som arbeidsregion og bidra til at arbeidsgjevarar her får tak i den kompetansen og arbeidskrafta dei treng.

Det som er unikt med oss er at vi er den einaste felles kommunikasjonskanalen for Vestland ut mot arbeidsmarknaden og vi har ei solid rekkevidde blant potensielle jobbsøkarar i heile landet, seier dagleg leiar Linda Hovland engasjert.

 

“Vi vil vise fram Vestland som den mest attraktive regionen å bu og arbeide i. For å få til dette må vi samarbeide enda tettare med relevante aktørar”.

Framtidsfylket har eit eige traineeprogram i Distrikts-Vestland. Ein trainee har bachelor-, master- eller fagskuleutdanning og maks tre års arbeidserfaring. Som traineebedrift styrkar du ikkje berre verksemda di, men også regionen. Det aller viktigaste er at du kanskje får tilført fersk kompetanse, friske tankar og nye perspektiv.

“Framtidsfylket står for ei solid marknadsføring av traineestillingane med håp om at du skal få toppkandidatar i søknadsbunken. I beste fall endar du opp med ei fast tilsetting etter traineeåret”, fortsett Linda. 

Kan dette vere aktuelt for deg? 31. oktober er det søknadsfrist for bedriftene å vere traineebedrift. Les meir om trainee hos Framtidsfylket.  

 

Attraktive arbeidsgjevarar på utstilling

Kvart år arrangerer Framtidsfylket karrieremesser og andre møteplassar mellom jobbsøkar og arbeidsgjevar. Dette har dei gjort sidan 2009, og dei ser at dette funkar. 13. Februar arrangerer dei karrieremesse i Bergen igjen, og satsar på å få med enda fleire bedrifter enn 70 som var med til Grieghallen i år. Om du ønsker varsel på kor tid påmeldinga opnar, kan du melde deg på nyheitsbrevet.

 

Artikkelen fortsett under biletet.

Det er høg aktivitet på karrieremessene som Framtidsfylket Vestland arrangerar. Her frå Grieghallen i Bergen. Foto: Framtidsfylket Vestland.

Ein del av noko større

Framtidsfylket har no blitt ein del av økosystemet til Hub for Ocean. Det er det gode grunnar til:

Frå venstre: Linda Hovland og Kristine Slettehaug. Foto: Framtidsfylket Vestland.

“Vi ønsker å vere oppdatert på alt det spennande som skjer i denne sektoren, og vere tett på ein bransje som jobbar for det grøne skiftet og utvikling av framtidas maritime løysingar. Sjølvsagt ønsker vi også å bidra til at medlemsbedriftene lukkast med å få tak i folk – og få tak i dei gode historiene i bedriftene – slik at vi felles kan lukkast med å vise fram Vestland som ein attraktiv arbeidsregion”, avsluttar Linda med. 

Nysgjerrig på medlemskap i Hub for Ocean?

Ta gjerne kontakt med oss for ein prat, eller les meir om oss her.  


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

Maria Benæs Hunvik

kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

LinkedIn

 
Forrige
Forrige

- Hæ, tenar du så mykje?

Neste
Neste

Tankar kring Hub for Ocean og vår nye arena Hub for Future