Tankar kring Hub for Ocean og vår nye arena Hub for Future

 

Hub For Ocean (HfO) har no etablert eit regionalt og nasjonalt nettverk på nær 130 bedrifter og aktørar med fokus på den blå næringa, enten gjennom medlemsskap i Arena PRO-klynga Ocean Hyway Cluster eller i form av direkte medlemsskap i HfO. Videre har vi etablert eit godt samarbeid med både offentleg sektor samt forskings- og høgskulemiljø og internasjonale aktørar.

Ei stor takk til Big Fish som har bistått oss i arbeidet med å synleggjere vår rolle som ein viktig bidrags- og utviklingsaktør i vidare samfunnsutvikling, og ikkje minst vere den sentrale yngleplassen for den omstillinga som no skjer i «den blå næringa».   

Innovasjon // Vi er ei drivkraft for innovasjon innan den blå næringa. Vi har over mange år investert både tid og ressursar for å bygge ein kompetanseorganisasjon som gjer til at vi kan stå fram som regional  innsiktleverandør på nye idear, teknologiar og framtidas løysingar i den blå næringa. Vårt mål er å være medlemmane våre si «glaskule» - alltid i forkant av utviklinga og ein tilretteleggjar for ei grøn framtid.

Næringsutvikling // Vår rolle som ein innovasjonspartner handla ikkje berre om å generere idear, men og om å realisere det enorme potensialet til næringslivet på Vestlandet. Vår bransjeinnsikt brukar vi til å identifisere vekstmoglegheiter, tilby rådgjeving og støtte, og ikkje minst koble våre medlemsbedrifter på marknadsmoleghetter både nasjonalt og internasjonalt.

Samskaping // Vi trur på krafta i samspel og samarbeid. Ved å skape ei felles arena og yngleplass der bedrifter kan møtast, dele kunnskap og ressursar, skapar vi eit levande økosystem som gir grobotn for innovasjon og vekst. Vi legg til rette for nettverksbygging, partnarskap og samarbeidsprosjekt som kan føre til synergiar og nye verdikjeder. Gjennom samskaping utviklar vi ei sterkare og meir symbiotisk næring.

Dei tre områda innovasjon, næringsutvikling og samskaping er tett samanvevd og forsterkar kvarandre. Innovasjon gjev grobotn for samskaping og samarbeid, som vidare legg grunnlaget for effektiv næringsutvikling. Saman skapar dei eit sterkt fundament for Hub for Ocean sitt arbeid med å styrke den blå næringa for å fremje både berekraft, men og danne grunnlag for realisering av det potensiale vi ser for framtidig vekst og utvikling på Vestlandet.


Vår nye yngleplass Hub for Future vil vere ein sentral arena og plattform for ny innovasjon, næringsutvikling og samskaping for både medlemsbedriftene og andre aktørar som ønskjer å vere ein bidragsytar i den vidare utvikling av den blå næringa. Vidare konkurransekraft kjem gjennom samskaping. Vi nytta i mange år eit ordtak frå Ivar Aasen for å forklare kva vi ønska å stå for, eg tenkjer at dette ordtaket på nytt kan revitaliserast: «Eit ljos brenn like godt um du kveikjer eit anna med det».  Gje oss gjerne innspel på kva «ljos du vil kveikje».

Stein Kvalsund


Hei! Har du innspel? Kontakt oss gjerne!

Stein Kvalsund

COO
+47 976 98 785
E-post

LinkedIn

 
Forrige
Forrige

- Vi gjer arbeidsliv i Vestland kjent!

Neste
Neste

Hub for Ocean lanserer ny visuell profil