Verda kom til Florø denne veka

177 deltakarar frå 17 nasjonar samla seg i Florø denne veka rundt temaer innan hydrogen og marin fornybar energi. Konferansen er eit samarbeid mellom Maritim Forening Sogn og Fjordane, GCE Subsea, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Flora kommune.

 

4 av dei 5 maritime hydrogenprosjekta i verda som er finansiert og beslutta igangsett, fekk vi presentert på konferansen. Statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde fra olje- og energidepartementet stod for åpninga, før vi fekk spennande foredrag frå verdsleiande aktørar frå både inn- og utland.

Gjennom heile konferansen gjekk praten godt med mange gode diskusjonar og fleire møte mellom aktørane. Mange nye kontaktar vart knytta, som er eit av hovedmåla med konferansen. Responsen frå deltakarane var veldig positive, og vi fekk gode tilbakemeldingar på årets program.

 

Som ein del av konferansen, gjekk turen til Kalvåg med Vision of the Fjords. Spesielt dei internasjonale gjestane fekk ei spektakulær oppleving med ei stillegåande ferd langs kysten. Maten og vertskapet på Knutholmen var som alltid på topp.

 

På måndag kjem presentasjonane frå konferansen.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Presentations: Conference Maritim Hydrogen & Marine Renewable Energy

Neste
Neste

Westcon Yards Florø med fleire nye kontrakter