Vi utviklar ny profil!

For å møte nye utfordringar og realisere nye moglegheiter har styret fatta vedtak om namneendring i 2019. Vi ønsker å utvikle ein god visuell identitet som formidlar kven vi er og kva vi står for. Sjølv om vi jobbar for auka verdiskaping i vår region, ønsker vi eit namn som ikkje begrensar oss geografisk. Mange av våre medlemmer jobbar og internasjonalt, og vi er opptatt av å ha ein namn som fungerer utanfor landegrensene.


I går var vi på workshop med Rein Design som har fått jobben med å utvikle profilen vår.
Ei morsom, interessant og nyttig økt der vi jobba med å tydeliggjere kven vi er, kva vi ønsker å oppnå for kven, og korleis vi ønsker å framstå. Rein Design utfordra oss både verdiar og visjonar, og fekk oss til og med til å skrive kjærlighetsbrev.

 

Nytt namn og ny profil lanserast i februar 2019.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ny satsing i 2019

Neste
Neste

Havila får 104 millioner kroner til å utvikle hydrogen-kystrute