Stort engasjement på Hub for Future 10-11 april i Florø

 

Over 70 personar var samla til vårens Hub for Future på Quality Hotel i Florø 10. og 11. april under temaet «Samskaping i nye verdikjeder» med undertema;  «Industriutvikling og “krafttak” for framtida» og «Nye spennande leverandørmoglegheiter». Med opningsorda frå ordførar i Kinn Bengt Solheim Olsen fekk vi eit perspektiv på vidare utvikling sett frå Kinn kommune si side.


F.v.: Bård Sandal i Vestland fylkeskommune leia debatten med tema: «Energiforsyning og realisering av grøne industriprosjekt». I panelet hadde han med seg Sonja Chiroco Indrebø frå Eviny, Ole Schanke Eikum frå Fjord Base Holding og Knut Arild Flatjord frå SFE.

Nye industriprosjekt og tilgang på fornybar energi

Etter første bolk dag 1 kunne vi konstatere at verken vår nye langsiktige samarbeidspart Vestland Fylkeskommune, Sogn og Fjordane Energi eller Eviny «sit stille i båten» i samband med realisering av nye energiforsyningsprosjekt. Planane for nye utbyggingar av både vasskraft og vindkraft er relativt omfattande i vår region. Nye industriprosjekt fordrar at desse prosjekta vert realisert så raskt som mogleg. Tilgang på fornybar energi kan fort bli konkurransefortrinn i tida i samband med nye, grøne industrisatsingar.

Nye energikjelder og energieffektivisering

Den faglege delen av dagen vart avslutta med innspel på nye energikjelder som bølgje-energi v/Havkraft og energieffektivisering v/Enerin i tillegg til presentasjon frå vårt nye medlem Fortescue. Fortescue sitt prosjekt på Holmaneset i Bremanger er ei viktig både nasjonal og internasjonal satsing basert på produksjon av grøn ammoniakk basert på fornybar energi. Eit viktig bidrag i dei nye verdikjedene for maritim næring og tungtransport som har mål om å redusere våre store klimautslepp. Med planer om å nytte restråstoff som oksygen og varme ved ammoniakk-produksjonen dannar denne satsing og grunnlaget for ei vidare industriell etablering bygd på sirkulære prinsipp.

Bedriftsbesøk på Westcon Yards Florø.

Dagen vart avslutta med omvising og orientering hos Westcon Yard Florø og korleis verftet no riggar seg for det vidare langsiktige samarbeidet med Kongsberg og Forsvaret.

Nyheiter frå nettverket og leverandørmoglegheiter

Dag 2 under samlinga starta med orienteringar frå tre framoverlente verksemder som satsar på nye produkt og tenester. Med både nye databasert løysingar og handtering av restråstoff representerer både Havtech, Keelspot og Hellenes Bio dei nye aktørane som Hub for Ocean har mål om å integrere i dei nye grøne verdikjedene.

Med mange industrielle kontrakter til sentral aktørar i medlemsmassen vår var det tid for orientering om både moglegheiter og utfordringar for leverandørindustrien. Nye krav og forventingar var presentert frå Havyard Leirvik (får snart nytt namn), Forsvarsmateriell (på vegne av ny kontrakt med Kongsberg og Westcon Yard) og Fortescue så fekk vi ei innblikk i krav og forventingar til vidare posisjonering som leverandør til desse aktørane.

F.v.: Jan Cato Vestvik og Eirik J. Trengereid presenterte ny rapport frå FFI om Strategisk samarbeid.

Forsvarsmateriell - Ny metode

Forsvarsmateriell orienterte om ny metodikk i.f.t avtalen som no er inngått med Kongsberg og Westcon Yard Florø. - Frå ein transaksjonsbasert leveranse til ein samarbeidsbasert leveranse med eit langsiktig perspektiv og avtaleverk. Vi fekk eit innblikk i kva dette inneber for involverte partar. Men er samde om at vi riggar eit eige seminar for å ytterlegare skape forståing for det vidare samarbeidet med Forsvarsmateriell. Vi kjem attende med meir info når vi har fått på plass ein dato for dette seminaret.    

Utfordringar knytt til kompetanse og rekruttering

To sentral områder var grunnlag for både drøfting og vidare satsingar for Hub for Ocean. Felles utfordringar i.f.t rekruttering  og kompetanse bør riggast som eit regionalt fellesprosjekt. Fleire av våre medlemmer har no dei same utfordringane så vi i Hub for Ocean vil ta eit initiativ saman med andre aktørar for å rigge ei vidare satsing innan dette området.

Etter ei vellukka samling med gode innspel og drøftingar for vidare samskaping i nye verdikjeder så ønskjer vi å rette ei stor takk til alle bidragsytar som medverka til at vi fekk ei innhaldsrik og god samling. Ei spesiell takk til Vestland fylkeskommune som satsar på oss som ein viktig og sentral aktør for vidare regional utvikling.

Av: Stein Kvalsund, COO i Hub for Ocean.

Sosial mingling og nettverksbygging er ein viktig del av Hub for Future.

Program Hub for Future i Florø 10 - 11 april finn du her.

Ønskjer du bli med på neste Hub for Future? Meld deg på vårt Nyheitsbrev og følg med på dato.


Spørsmål?

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller kommentarar til denne saka.

Stein Kvalsund

COO
+47 976 98 785
stein(a)hubforocean.no

Linkedin

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Hub for Ocean søker deg som brenn for berekraftig omstilling 

Neste
Neste

Velkommen som medlem, Fortescue