Tilbake til alle arrangementer

Jenter og Teknologi: 10-årsjubileum 🎉

Torsdag 6. november samlar vi og Kinn Kommune rundt 90 jenter frå 9. klasse ved Florø og Eikefjord ungdomsskular til ein inspirerande dag med teknologi i fokus. Dette er ikkje berre ei markering av 10-årsjubileet for Jenter og Teknologi i Florø - det er ei investering i framtida.

Arrangementet gir unge jenter eit unikt møte med teknologiens verd, gjennom lokale rollemodellar som stiller opp frivillig for å dele erfaringar og vise kva moglegheiter som finst innan teknologiske yrke. Det er 15 verksemder som deltek i år.

Dette er ei sjeldan anledning til å vekkje interesse, byggje sjølvtillit og kanskje oppdage ein ny draum.

Dagen vil innehalde gode samtalar, engasjerande foredrag og god mat - alt lagt til rette for å skape ei trygg og inspirerande ramme der jentene kan utforske teknologiens moglegheiter. Med dette håpar vi å vise at det er plass til dei i teknologiens verd - også her i distrikta.

Mange av medlemmane i Hub for Ocean ønsker å tilsette dei som har gått yrkesfag på vidaregåande skule, eller som har studert realfag eller teknologi på høgskulen. Kanskje du er den dei har bruk for om nokon år?


I år kjem...

Bedrifter

Program

09:40 - Registrering

09:50 - Velkommen

10:10 - Foredrag (Fagskolen Førde)

10:30 - Rotering mellom stand

11:40 - Lunsj

12:20 - Foredrag (Aksello)

12:40 - Rotering mellom stand

13:55 - Avslutning med mentimenter inkl. refleksjonstid for elevane, & kåring av vinnargruppa

14:30 - Ferdig for dagen :)

  • IKT Helse Vest

  • Westcon Yards

  • NorTekstil

  • Havland

  • Cargill

  • Fjord 1

  • iVest Consult & Sunnfjord GeoCenter

  • ByggOpp Vestland

  • Fjord Base

  • ProVestland Opplæringskontor

  • IT Forum Vest

  • Flora VGS

  • Svanøy & Marø Havbruk

  • Aksello

  • Fagskolen Førde


Arrangementet er eit samarbeid mellom Hub for Ocean og Kinn kommune.



 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med

 

Dimana S. B. Helle

Trainee kommunikasjon og eventkoordinering

+47 950 70 528

E-post

Forrige
Forrige
28. oktober

Fiskeri- og havbrukskonferansen 2025

Neste
Neste
3. februar

HubSirk