Nor-Shipping 2025
jun.
2.
til 6. jun.

Nor-Shipping 2025

Kvar: NOVA Spektrum, Lillestrøm
Når: 2. - 6. Juni 2025

Nor-Shipping er ein av verdas viktigaste møteplasser for shippingbransjen og havnæringane. Nor-Shipping blei etablert i 1965 og samlar annakvart år nærare 50.000 delegater fra 85 land i Oslo og på Norges Varemesse på Lillestrøm.

Hub for Ocean på stand

Hub for Ocean har tidlegare organisert fellesstand for medlemmene våre, med gode tilbakemeldingar. I år hadde felles standen åtte selskap fordelt på ca. 30 kvm under den norske paviljongen (pris ca. 45 000,- inkl. kva per selskap). 

- Ønskjer du bli med på Stand saman med vårt konsortium? Ta snarleg kontakt!


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?

Siri L. Stavang

senior næringsutviklar
+47 98031949
E-post

Linkedin

Vis arrangement →

Hub for Future - Samskaping i nye verdikjeder
apr.
10.
til 11. apr.

Hub for Future - Samskaping i nye verdikjeder

Når: 10 - 11 april 2024
Kor: Quality Hotel Florø

Samskaping i nye verdikjeder

Velkommen til vår yngleplass Hub for Future i april. Vi står midt i den grøne omstillinga og sentrale aktørar i nettverket vårt deler sitt framtidige utviklingsperspektiv for vår region.

Vi har gleden av å presentere eit spennande program der vi rettar fokus mot tema:

  • Industriutvikling og “krafttak” for framtida

  • Nye spennande leverandørmoglegheiter

På ettermiddagen 10. april inviterer vi dere med på ekskursjon til Westcon Yards Florø, ei framoverlent verksemd som skapar nye forretningsmoglegheiter i nye marknader. Her får dere også ein liten “smak” av Florø. Turen går videre til Bryggekanten restaurant for mingling og networking og vi kan glede oss til ei kulinarisk oppleving med tre- rettars middag basert på lokale råvarer og noko godt i glaset!

Treng du overnatting i Florø? Bestill direkte på Quality Hotel Florø eller Comfort Hotel Florø (begge ligg i sentrum). Alternativ Kinn Hotell (ca. 1,5 km frå sentrum).

Program

Onsdag 10. april

12.00 Registrering og enkel lunsj

12.30 Velkommen v/ordførar Bengt Solheim- Olsen, Kinn kommune.

12.40 Samskaping i nye verdikjeder, Hub for Ocean v/Kristin Svardal, CEO.

INDUSTRIUTVIKLING OG “KRAFTTAK” FOR FRAMTIDA

12.50 Vestland som utviklingsaktør - Energisituasjon og rammevilkår for næringsutvikling. Vestland fylkeskommune v/Bård Sandal, avdelingsdirektør næring, plan og innovasjon.  

13.10 Korleis handtere morgondagens energibehov? SFE sine moglegheiter for å løfte meir fornybar energi i regionen. SFE v/Knut Arild Flatjord, konsernsjef.

13.30 "Mingling” - beinstrekk

13.50 Korleis sikrar vi grøn energi til «alle» industriprosjekt planlagt i Vestland. Eviny v/ Sonja Chirico Indrebø, Adm direktør i Eviny fornybar.

14.20 Paneldiskusjon - Energiforsyning og realisering av grøne industriprosjekt. Bård Sandal i Vestland Fylkeskommune i dialog med Knut Arild Flatjord i SFE, Sonja Chirico Indrebø i Eviny og Ole Schanke Eikum i Fjord Base Holding.

14.40 Pause

15.00 Energiforsyning og konkurransekraft

  • Nye energikilder. Havkraft v/Geir Arne Solheim, CEO.

  • Energiefffektivisering - Varmepumpe og energilagring. Enerin v/Trond Atle Asphjell, COO.

  • Frå fossilt til industri 2.0. Fortescue v/Karina Lavik, Senior Communities Advisor.

Refleksjon rundt framtida - Dialog med Havkraft, Enerin og Fortescue, leia av Stein Kvalsund, COO i Hub for Ocean.

16.00 Oppsummering av dagen

16.10 – 17.30 Innsjekk

17.30 – 19.30 Bedriftsbesøk på Westcon Yard Florø og ein “smak” av Florø.

19.30   Tre-retters middag med noko godt i glaset på Bryggekanten restaurant.

Torsdag 11. april

08.30 Kaffi

09.00 Velkommen

09.05 Nyheiter frå nettverket - gründerbedrifter med spennande teknologiske løysingar og kva skjer hos Hellenes?

  • Havtech v/Ann Kathrin Haarklau, sals- og marknadssjef

  • Keelspot v/Jon Runar Heggeleund, Head og Customer Sucsess

  • Hellenes Bio v/Øyvind Hellenes, forretningsutviklar

NYE LEVERANDØRMOGLEGHEITER

- Behov for samarbeidspartar i samband med framtidig marknadsutvikling

09.45 «Strategisk samarbeid – kva krevjast for å lukkast» v/Forsvaret/FFI

10.15 Pause

10.35 Havyard Leirvik v/Anette Traa, HR/QHSE leiar.

10.55 Fortescue v/Svein Hansen, Manager Operational Readiness.

11.15 “Sofaprat” - Samanfallande verdikjeder. Stein Kvalsund, COO i Hub for Ocean i dialog med Havyard Leirvik, Forsvaret/Westcon Yards Florø og Fortescue.

11.30 Speeddate - Industrielle leveransar

Kva moglegheiter ligg i nye kontraktar og nye prosjekt?

  • Westcon Yards Florø.

  • Havyard Leirvik v/Anette Traa, HR/QHSE leiar

  • Fortescue v/Karina Lavik, Senior Communities Advisor og Svein Hansen, Manager Operational Readiness.

12.25 Oppsummering og vel heim

12.30 Avslutning med 2- rettars lunsj.

Samarbeidspartnar: Vestland Fylkeskommune

 
 

Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til arrangementet? Ta gjerne kontakt!

Siri L. Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

Vis arrangement →
Workshop næringsliv - ammoniakkfabrikk Holmaneset
mar.
18.

Workshop næringsliv - ammoniakkfabrikk Holmaneset

Når: kl. 1300-1600, 18. mars 2024

Kor: Knutholmen, Kalvåg

Invitasjon til innspelsmøte for næringsliv

Bremanger kommune inviterer næringsliv frå regionen til samling i samband med verdiskapinganalysen knytt til Fortescue sitt ønske om etablering av ammoniakkfabrikk på Holmaneset i Svelgen.

Målet er å samle næringsliv i regionen for å dele informasjon om planane, kome opp med nye tankar om moglegheiter knytt til etableringa og eventuelle innspel/synspunkt på etableringa med betydning for samfunns- og næringsutvikling i regionen generelt.

Programmet inkluderer innlegg frå kommunal- og distriktsminister Erling Sande, varaordførar i Vestland fylkeskommune, den norske leiinga i Fortescue, Ocean HyWay Cluster og PwC. Bedrifter som ønskjer å delta på samlinga, som ikkje har motteke invitasjon, vert oppfordra om å ta kontakt. Sjå påmelding og program lenger nede.

I løpet av februar-mars er det gjennomført 20 intervju med aktørar frå privat næringsliv, lokale havneselskap, utdanningssektoren og næringsklynger frå Ålesund i nord til Florø i sør. Fleire intervju står for tur.Tema har mellom anna vore direkte og indirekte verdiskaping for lokalt næringsliv, utvikling av nye verdikjeder, moglegheiter for nye samarbeid og kompetansemiljø og korleis etableringa kan bidra til samfunnsutvikling. Aktørane har òg blitt utfordra på om dei ser utfordringar knytt til ei slik etablering. Intervjua og innspel frå næringsliv og politikarar som deltek på samlinga i Kalvåg, vert ein viktig del av datamaterialet til verdiskapingsanalysa.

Ope innbyggjarmøte rett over påske. Her vil m.a. PwC presentere verdiskapingsanalysa og deltakarane vil på lik linje med næringslivet få høve til å kome med innspel og synspunkt på satsinga. Dato kjem snart.


Hei! Har du praktiske spørsmål om arrangementet? Ta kontakt!


Siri L. Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

Vis arrangement →
Framtidsfylket Karrieremesse
feb.
13.

Framtidsfylket Karrieremesse

Kvar: Grieghallen, Bergen

Når: 13. Februar kl. 14.30 - 19.00


Er du nysgjerrig på arbeidslivet i Vestland? Då skal du ta turen på Framtidsfylket sine karrieremesse i Bergen. Møt ein av landets mest varierte, ambisiøse og grøne arbeidsregion: Næringslivet i Distrikts-Vestland!

  • Dørene opnar kl.14:30 og det blir gratis mat og drikke frå 15:00-18:00.

  • Møt oss på stand, vi i Hub for Ocean har med oss ledige stillingar frå vår medlemsmasse. Kanskje du finn draumejobben?

    Håpar vi sjåast der!

Miniseminar 13. februar kl. 1700-1730

Saman med Framtidsfylke inviterer vi til Karriere-TALKS på Karrieremessa:

– Korleis kan samarbeid være løysinga på eit bærekraftig havrom?

Næringslivet i Vestland vert peika på som ei sentral kraft innan grøn omstilling . I lag med Fjord1, Westcon Florø, Nordic Mining og Havtech skal vi høyre korleis ein gjennom berekraftsarbeid og samskaping i nye verdikjeder skaper nye moglegheiter.

Dette gler vi oss til!


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?

Siri Laquian Stavang

senior næringsutviklar
+47 980 31 949
E-post

Linkedin

Vis arrangement →
Teamsmøte - 6 millionar til FoU
feb.
8.

Teamsmøte - 6 millionar til FoU

Når: 08.februar frå kl. 1230 - 1330
Kor:
Digitalt på Teams kl. 1230 - 1330

FORREGION Vestland inviterar til opent informasjonsmøte om nye moglegheiter for støtte til forsking.

Ettersom Regionale forskingsfond er avvikla vil FORREGION Vestland styrke satsinga på næringsretta forsking med 6 millionar kroner til:

  • FoU – forprosjekt

  • Ordninga «forskar til låns»

  • Hospitering i forskingsmiljø

  • Støtte til FoU-møte

Tilbodet om kompetansemekling er også forsterka som ei gratis rådgiving for bedrifter.

Målgruppe for ordninga er bedrifter som ikkje tidlegare har vore ansvarleg for større forskingsprosjekt og det er krav om å samarbeide med FoU-organisasjon. På lanseringsmøte blir det informasjon om støtteordningane og korleis de kan søkje. Det blir også ope for spørsmål og kommentarar.

Påmelding innan 07. februar her.

Vestland har eit næringsliv med sterk oljeavhengigheit. Vi har ein maritim tradisjon og mykje kompetanse innan heile feltet av havnæringar. Vi har eit landbruk særleg utsett for klimaendringar. Vi har sterke industritradisjonar der det er potensial og behov for meir berekraftig omstilling. Prosjekt med støtte frå FORREGION må bidra til berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft eller klimaomstilling i Vestland fylke. Vi treng ny kunnskap for å løyse utfordringane vi står ovanfor.


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til arrangementet? Ta gjerne kontakt!

Siri L. Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

Vis arrangement →
Webinar - EUs Hydrogen Calls 2024
jan.
4.

Webinar - EUs Hydrogen Calls 2024

Webinar - EUs Hydrogen Calls vil vere på engelsk og opent for Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster sine medlemmer.

In 2024, there will once again, be a call for significant EU funds for hydrogen-related projects in the EU's Clean Hydrogen Partnership.  

In total, €113.5 million will be allocated to 20 projects to be announced in January, with an application deadline in April.  

Norwegian companies can apply on par with other European countries for these funds. 

Hub for Ocean and Ocean Hyway Cluster invites you to a webinar from 09:00 to 10:30 on January 4, 2024, where you will receive information about the calls scheduled for January 2024. You'll gain insights and valuable advice from Innovation Norway's national contact point for these calls, first-hand experiences from Evoy, successful with EU financing in 2021 (EIC Accelerator), and helpful advice from a company with extensive experience in applying for soft funding from the EU, G&H Associates in England. 

Norwegian companies often succeed with their applications to the EU. In an industry where international collaboration is crucial, the application process provides an opportunity to initiate larger projects with European partners and gain access to major European markets by establishing strong project consortia.  

In addition to treating the future hydrogen calls, we will also have a short introduction to the EU Hydrogen Bank by ENOVA. 

Agenda

  • Welcome, Hub for Ocean (HfO) & Ocean Hyway Cluster(OHC), Kristin Svardal & Martin Hennum

  • How to succeed in the EU? EVOY, Leif Stavøstrand

    • Experiences from the EIC Accelerator-program 

  • What application opportunities exist for the hydrogen industry in 2024? Innovation Norway, Tim Genge(national contact point for the calls)

    Overview:  

    • Maritime calls  

    • Criteria and requirements  

    • Recommendations and advice 

    • Further follow-up possibilities from Innovation Norway and the Research Council 

  • EU-funding: Successful application processes - G&H Associates, Richard Hancock

  • Summery and the cluster’s assistance  - HfO & OHC, Kristin Svardal and Martin Hennum


Hei! Har du spørsmål om webinaret? Ta kontakt!


Martin Hennum

Export Manager
Ocean Hyway Cluster

+47 480 23 100
martin@oceanhywaycluster.no
LinkedIn

Vis arrangement →
Florø i førarsetet: Etablering av verdens første fyllestasjon for ammoniakk
nov.
28.

Florø i førarsetet: Etablering av verdens første fyllestasjon for ammoniakk

Verdens første fyllestasjon for ammoniakk til skip skal ligge i Florø, og no nærmar det seg byggestart! Vi inviterer innbyggarar i Florø og alle andre interesserte til eit allmøte. Her blir det god anledning til å få meir informasjon og få svar på det du lurar på.

Arrangementet er gratis og du treng ikkje å melde deg på, så her er det berre å dukke opp på Vesle Kinn den 28. november. Velkommen!

PROGRAM

18:00 Dørene opnar

18:30 Velkommen ved ordførar Bengt Solheim-Olsen og Kristin Svardal frå Ocean Hyway Cluster

18:45 – 19:30 Presentasjon av prosjektet og det planlagde tiltaket på Fjord Base
ved Azane Fuel Solutions, Yara Clean Ammonia og Fjord Base

19:30 Spørsmålsrunde med Bengt Solheim-Olsen som ordstyrar

 

OM PROSJEKTET

Ammonia Fuel Bunkring Network er eit prosjekt som består av samarbeidspartnarane Azane Fuel Solutions, Yara Clean Ammonia, HyEx Safety, Fjord Base, GOT og SINTEF Energy. Prosjektet blei starta i 2021 og har som mål å etablere verdas første verdikjede for ammoniakk som drivstoff. Som del av prosjektet skal verdas første stasjon for fylling av ammoniakk som drivstoff til skip installerast ved Fjord Base i Florø.

Florø og Fjord Base er unikt posisjonert i nærleiken til den indre farlei frå nord til sør og er i dag ein av Norges største offshore forsyningsbasar. Ved å etablere fyllestasjonen i Florø posisjonerer Fjord Base seg for krava som vil komme frå kundar og myndigheiter i framtida.

 

SPØRSMÅL

Har du spørsmål om arrangementet? Ta gjerne kontakt.

Kristin Svardal

dagleg leiar i Hub for Ocean
+47 905 12 728
E-post

LinkedIn

Vis arrangement →
Jenter og teknologi
nov.
9.

Jenter og teknologi

Nysgjerrig på teknologi og realfag? 9. november inviterer vi jenter i 9. klasse til ein inspirasjonsdag med fokus på teknologi- og realfagsyrke. Her kan du møte kule damer som jobber/studerar innan teknologi og realfag - i tillegg til å delta i konkurranse!

På inspirasjonsdagen lærar du korleis det er å jobbe i forskjellige yrker. Blir du nysgjerrig på yrket kan damene gi deg råd til kva du burde søke på på vidaregåande skule og høgare utdanning. Spør i vei - her er ingen spørsmål dumme!

Du vil bli kjent med fleire ulike yrke, m.a. :

  • Elektrikar

  • Utviklingsingeniør

  • Maskinsjef

  • IT- utviklar

  • Salsleiar

  • Blikkenslager, tømrar, anleggsarbeidar

  • Akvakultur

  • Logistikkarbeidar

  • Anbodsleiar

  • Rørleggar

Kvifor arrangerer vi denne dagen?

Målet med dagen er å vise deg kva som finst av moglegheiter der ute. Mange av medlemmane i Hub for Ocean ønsker å tilsette dei som har gått yrkesfag på vidaregåande skule, eller som har studert realfag eller teknologi på høgskulen. Kanskje du er den dei har bruk for om nokon år?

Inspirasjonsdagen er arrangert av Hub for Ocean og Kinn kommune med støtte frå FIN (Flora industri- og næringsforening).

Tilbakemelding fra elevane

“Det har vore ein veldig kjekk dag” - Christine.

“Jøss, så spanande. Her var det mange yrke å velje blant!” - Miriam

“Eg synest vi gjerne kan ha slike dagar oftare. Det gir oss nye idear på kva vi kan utdanne oss til” - Isabella


Hei! Har du spørsmål til arrangementet?

Siri Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

Vis arrangement →
Fiskeslam som ressurs
okt.
24.

Fiskeslam som ressurs

Vi inviterer inn FoU- aktørar og aktørar frå alle ledd i verdikjede for handtering av fiskeslam (som oppdrettsnæringa, slakteri, handterer av avfall), til ein felles yngleplass for å avklare forskingsbehov i næringslivet som kan gi nye løysingar for korleis fiskeslam kan nyttast som ein ressurs. 

 Møtet vil drøfte følgjande konkrete problemstillingar:  

  1. Fiskeslam som jordforbetringsmiddel 

  2. Biogass produksjon i miks med mineral- og/eller husdyrgjødsel 

  3. Kompostering/biokullproduksjon av fiskeslam

Mål med møtet er å etablere to eller fleire aktuelle FoU- prosjekt knytt til fiskeslam som ressurs i eit sirkulærøkonomisk perspektiv.

Det er også ein møteplass for nettverksbygging på tvers av næringar som arbeider innan området.

Møtet er gratis, men vi ber dere melde dere på for å vite kor mykje mat vi skal bestille inn (sjå påmelding under).

Program

11:30 Lunsj

12:00 Velkommen v/Stein Kvalsund, Ocean Hyway Cluster/Hub for Ocean

12:05 Om FORREGION Vestland. Vestland Fylkeskommune v/Øyvind Heimset Larsen, forskar og Anna Maria Urbaniak Brekke, seniorforskar og EU-rådgjevar

12:15 Faginnlegg NIBIO v/Eva Brod og Michal Sposób, forskarar - divisjon for miljø og naturressurser (bioressursar og kretsløpsteknologi)

12:35 Faginnlegg NORCE v/Gro Elin Kjæreng Bjerga, Forskningsleder Marin bioteknologi

12:55 1) BUE Salmon - Korleis handtere fiskeslam og utfordringar. Akvahub v/Trygve Hallberg og Renasys - Mission zero. v/Mark Purkis.

13:15 Pause

13:30 Drøfting av konkrete problemstillingar

14:25 Oppsummering og vegen vidare

14:30 Ekskursjon til Havlandet

15:30 Avslutning


Hei!

Har du spørsmål eller kommentarar til arrangementet? Ta gjerne kontakt!

Siri Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

Vis arrangement →
Hub for Future
okt.
4.
til 5. okt.

Hub for Future

Tema: Hub for Future - kva no

Vi inviterer deg til vår nye yngleplass Hub for Future – arenaen og nettverket for nye framtidige forretningsmoglegheiter.  

Nettverkssamlinga har sterk tradisjon i Hub for Ocean for å styrke den blå næringa. No gir vi denne samlinga ein ny identitet. På Hub for Future kikkar vi inn i glaskula og skapar grobunn for vekst og utvikling – saman! 

På kvelden 4. oktober inviterer vi til sosial mingling og omvising i Galleri Torsheim. Her ventar deg også ei overrasking! Deretter inviterer Knutholmen oss til bords for ein utsøkt 3-retters meny basert på dagens ferske råvarer, sprell levande i det du set deg til bords.  

Hugs å bestille hotellrom i Kalvåg dersom du treng dette, på Knutholmen.no (Dere får 10% rabatt ved å skrive “HUB” i feltet “Kommentar til hotellet” som kjem opp når du har valgt rom og kjem vidare til betalingsinfo).

Enivest, Sparebanken Sogn og Fjordane og Tussa IKT er viktig støtte for å gjennomføre yngleplassen. Takk!

Program finn du under påmelding.

Les meir om foredragshaldarane på Hub for Ocean sin LinkedIn.

  • Det er også ein ekspressbåt som går til Smørhamn frå Bergen og nordover langs kysten som ein kan hoppe på.

    Frå Florø kan man ta båt til Smørhamn (ca. 30 minutter). Det står buss på kaia i Smørhamn som tar deg vidare til Knutholmen.

    Deltakarar frå Oslo/Bergen som kjem med fly til Florø har korresponande med ekspressbåten frå Florø.

    Båtavgangar frå Florø:

    Kystvegekspressen kl. 08.30 – 08.57

    Norled kl. 11.30 – 12.00

    Kystvegekspressen kl. 16.05 – 16.37

    Båtavgangar frå Smørhamn:

    Kystvegekspressen kl. 06.00 – 06.32

    Norled kl. 08.05 – 08.35

    Kystvegekspressen kl. 11.15 – 11.50

    Norled kl. 16.30 – 17.00

Program

Onsdag 4. oktober

12.15 Registrering og enkel lunsj

12.45 Velkommen, Hub for Ocean v/Siri Laquian Stavang.

12.50 Hva er ditt narrativ? Big Fish v/Johanne Furuseth, designer og fotograf.

13.10 Status, Hub for Ocean v/Kristin Svardal, CEO.

Berekraft i praksis

13.20 Ny grøn retning; slik støttar vi omstilling i næringslivet. Innovasjon Norge v/Leif Inge Husabø, berekraftsdirektør.

13.40 Vi blir kjent!

13.50  40 år med strategisk berekraftig utvikling – det løner seg. Norva24 v/Kenneth Birkeland, avdelingsdirektør.

14.10 Bærekraft i Havnæringa - på samfunnsnivå og strategisk i bedrift. Akvahub v/Trygve Hallberg, dagleg leiar.

14.30 Nye forretningsmuligheter basert på bærekraft og samhandling. Hellenes v/Jørgen Lorentz, Director biomasse applications

14. 50 Pause

15.10 Samskaping mellom komplementære aktørar i maritim næring. ÅKP v/Kirsti Slotsvik, administrerande direktør.

“Sofaprat” - Finn vi komplementære løysingar? Stein Kvalsund,COO i Hub for Ocean i dialog med Kirsti Slotsvik, CEO i ÅKP og Gunnar Stein Hareide, Styreleiar ÅKP. 

15.40 Kommuniser berekraft! Evoy v/Silje Bareksten, Vice President Investor and Relations.

16.10 Oppsummering

16.15 Innsjekk

17.30 – 19.30 Galleri Torsheim og noko godt

Omvising i det nyleg opna Galleri Torsheim for å bli meir kjent med verka til Oddvar Torsheim, medan vi nyt noko godt i glaset. Gled deg også til ei overrasking!

19.30   Tre-retters middag på fantastiske Knutholmen

Torsdag 5. oktober

08.30 Kaffi

09.00 Velkommen

09.05 5 kjappe om nye berekraftskrav. Deloitte v/Linn Therese Terøy, direktør.

09.15 Kommuniser berekraft! Evoy v/Silje Bareksten, Vice President Investor and Relations.

Teknologiskifte

09.40 Enivest v/ Sjur Gimmestad og Vegard Ovrid

09.50 Brubygging: løysingar frå industri til helse. Retrams v/Stein-Atle Øvrebotn, CEO.

10.10 Pause

10.30 Digitale verktøy som dokumenterer faktisk effekt av berekraftstiltak. Teknologistiftelsen Terravera v/Elisabet Kjerstad Bøe, CEO.

Leverandørmoglegheiter

10.50 Havvind - det grøne skifte i praksis (pilotering av nye løysingar). Wergeland Holding v/Irene Wergeland, CEO.  

11.10 Lutelandet - kva skjer? Lutelandet utvikling v/Vidar Grønnevik, styreleiar.

11.30 Pause

11.40 Lansering Prosjekt CircuS - Samhandling for sirkulær verdiskaping og grønn industri- og næringsutvikling i Bremanger kommune. Fortesuce v/Karina Lavik, Senior Communities Advisor og Bremanger kommune v/Karl Vidar Førde, Kommunalsjef for samfunn og utvikling.

12.00 Paneldebatt - vi kikker inn i glasskula: “Komparative fortrinn i vår region som kan realiserast i nye marknader”. Ein dialog mellom verkemiddelapparat, næringsliv og utviklingsaktør representert ved Innovasjon Norge v/Leif Inge Husabø, Wergeland Group v/Irene Wergeland, Akvahub v/Trygve Hallberg, Terravera Foundation v/Elisabet Kjerstad Bøe.

12.20 Oppsummering

12.30 Lunsj

Takk til våre sponsorar!


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til arrangementet? Ta gjerne kontakt!

Siri Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

Vis arrangement →
Fremtidens fiskeri- og havbruksnæring
sep.
26.
til 27. sep.

Fremtidens fiskeri- og havbruksnæring

Kvar: Parken Kulturhus, Raudeberg og Måløy, Vestlandet
Når:
26. - 27. september


Korleis kjem fiskeri- og havbruksnæringa til å sjå ut i framtida? Måløy Vekst og Vestland fylkeskommune inviterer til ny fiskeri- og havbrukskonferanse i Måløy 26. - 27. september!


Hei!

Lurar du på noko om konferansen? Du er meir enn velkommen til å ta kontakt med Anette Botnmark Jahre i Måløy Vekst.

Telefon: 997 88 615. E-post: anette@maloyvekst.no.

Vis arrangement →
Digital prosjektverkstad - Vestland
sep.
5.

Digital prosjektverkstad - Vestland

Kvar: Digitalt
Når: 5. september klokka 11:00 - 15:00

Prosjektverkstaden er eit tilbod til aktørar i Vestland som vil lære meir om å strukturere og planlegge eit innovasjonsprosjekt med bruk av FoU. Kurset vil vere nyttig ved søknader til Regionalt forskingsfond Vestland eller Forskningsrådet om innovasjonsprosjekt i næringsliv og i offentlig sektor, men vil óg vere relevant for kompetanse- og samarbeidsprosjekt.

I forkant av prosjektverkstaden vil det vere eit kort informasjonsmøte om moglegheiter for finansiering av FoU-prosjekt, kl. 11.00 - 11.45. Ein treng ikkje å ha delteke på dette for å vere med på prosjektverkstaden.

Program

11:00 Informasjonsmøte

12:00 Prosjektverkstad del 1 - Kurs

13:30 Prosjektverkstad del 2 - Møte med rådgjevar


Hei! Har du spørsmål til arrangementet?

Maria Benæs Hunvik

kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

LinkedIn

Vis arrangement →
Skriveverkstad for SkatteFUNN
aug.
3.

Skriveverkstad for SkatteFUNN

Kvar: Florø
Når:
3. august frå 10:00 - 12:30
Pris:
Gratis


Har bedrifta di planar om å utvikle eit nytt produkt, teneste eller produksjonsprosess? Lurer du på om SkatteFUNN er noko for di bedrift, eller er du i gang med ein søknad?

Du er velkommen til skriveverkstad for SkatteFUNN i Florø 3. august! Med SkatteFUNN får du heile 19% skattefrådrag av prosjektkostnadane.

Agenda

  • 10:00-10:45 Kva er SkatteFUNN og korleis di bedrift kan nytte dette verkemiddelet.

  • 10:45-11:00 Kaffipause 

  • 11.00- 12:30 Skriveverkstad

Ta gjerne med søknader som er under arbeid, og/eller prosjekter som de tenker kan vere relevante for SkatteFUNN ordninga. Kurshaldar Merete Lunde vi gå gjennom gode råd for søknadsskriving, samt komme med direkte råd til dykkar søknad. 

Skriveverkstaden er gratis. Det er avgrensa plasser på kurset så vi anbefaler tidleg påmelding for å sikre deg plass. 

Kva er SkatteFUNN?

SkatteFUNN (Skattefradrag for forsking og Utvikling i et Nyskapende Næringsliv) gir bedrifter rett til å føre frådrag over skattemeldinga for utgifter til FoU-prosjekter. Ordninga vert administrert av Norges forskningsråd, i samarbeid med Skatteetaten.

SkatteFUNN er en rettighetsbasert finansieringsordning som skal motivere fleire bedrifter til å drive med forsking og utvikling. Det at ordninga er rettighetsbasert, betyr at det ikkje er ein konkurranse, men at dette er støtte din bedrift har rett på om dykk oppfyller vilkåra for å mottek SkatteFUNN.

For å få ei godkjenning må prosjektet oppfylle krava for å bli definert som FoU i samsvar til skatteloven.

SkatteFUNN er altså ei ordning for å få skattefrådrag og har til hensikt å risikoavlaste bedrifter som har eit FoU-prosjekt der målet er å utvikle ei ny eller betre vare, teneste eller produksjonsprosess. Ordninga gir bedrifter moglegheit til å føre frådrag for 19 % av utgiftene i eit forskings- og utviklingsprosjekt.

Alle søknadar som sendast inn før 1. september er garantert å bli ferdigbehandla same år. Det inneberer at du kan får frådrag for prosjektkostnader påløpt i søknadsåret.

Du kan melde deg på her.


Hei!

Lurar du på noko om skriveverkstaden? Du er meir enn velkommen til å ta kontakt med kurshaldar Merete Lunde: melu@forskningsradet.no

Vis arrangement →
Sommartreffet 2023
jul.
6.

Sommartreffet 2023

Når: 7. juli kl. 16:30 - 17:30
Kvar: Florø, Alleen mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og Naustdal dampbakeri

Er du nysgjerrig på kva karrieremoglegheiter som fins i Florø?

Aksello inviterer studentar og arbeidssøkjande, potensielle heimflyttarar og tilflyttarar, og sjølvsagt det lokale næringslivet, til rekrutteringstreff og nettverking, fredag 07.juli kl. 16:30 til 17:30.

Hub for Ocean skal ha stand på årets sommartreff og vil ha med seg ei oversikt over ledige stillingar frå medlemsbedriftene. Har di bedrift ledige stillingar i Kinn/Sunnfjord-området som du ønsker vi skal formidle? Send gjerne desse til Maria Hunvik.

Oversikt ledige stillingar


Hei! Har du spørsmål eller stillingar du ønsker vi skal formidle? Ta gjerne kontakt.


Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

Vis arrangement →
Nor-Shipping 2023
jun.
6.
til 9. jun.

Nor-Shipping 2023

Kvar: NOVA Spektrum, Lillestrøm
Når: 6 - 9. Juni 2023.

Nor-Shipping er en av verdens viktigste møteplasser for shippingbransjen og havnæringene. Nor-Shipping ble etablert i 1965 og samler annet hvert år nærmere 50.000 delegater fra 85 land i Oslo og på Norges Varemesse på Lillestrøm.

Hub for Ocean på stand

Hub for Ocean skal ha en fellesstand for medlemmene våre under den norske paviljongen. Du finner oss på stand C04-36 saman med:

  • Multi Maritime

  • Solund Verft

  • Vestland SeaService

  • Tussa IKT

  • Nyborg

  • Fjord Base Holding

  • Lefdal Mine Datacenter


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?

Stein Kvalsund

COO
+47 976 98 785
E-post

Linkedin

Vis arrangement →
Kort Forklart: Klimarekneskap
mai
31.

Kort Forklart: Klimarekneskap

Når: 31. mai 09:00 – 09:30
Kvar: digitalt

Bedrifta di vil kutte utslepp – men korleis kjem de dit? Kutter du faktisk der utsleppa er størst? Med eit klimaregnskap så får du oversikta du treng. Ei oversikt som kan gje bedrifta di eit stort konkurransefortrinn i det grøne skiftet.

På dette korte webinaret er vi så heldige å ha med oss Klimapartnere Vestland til å gi dykk tips til korleis di bedrift kan komme i gang med å kartlegge eigne utslepp.

Tema:

  • Kvifor treng bedrifta di eit klimarekneskap?

  • Korleis bruke klimarekneskapet?

  • Tips og triks til å sette opp klimarekneskap


Webinaret er gratis og lukka for våre medlemsbedrifter.

 

Kort Forklart er ein webinar-serie, der Hub for Ocean sett søkelys på relevante tema for medlemsbedriftene. Tidlegare har vi hatt webinar om Linkedin.


 Hei! Har du spørsmål om webinaret? Ta gjerne kontakt med meg.

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

Vis arrangement →
Innflytningsfest på Hamnehuset
mai
10.

Innflytningsfest på Hamnehuset

Kvar: 2. etasje i Hamnehuset, Fugleskjærgata 16
Når:
10. mai kl. 13:00 - 14:00


Velkommen til innflytningsfest i Hamnehuset i Florø! Nyt ei nysteikt svele eller 2 mens du blir kjent med huset og bedriftene som held til her. Har Hamnehuset Florø si finaste utsikt? Ta turen og bedøm sjølv! Vi kryssar fingrane for godt vêr så vi kan nytte den fine uteplassen i 2.etasje med nydeleg utsikt over byen.

Kven er invitert: Alle som ønskjer – gode samarbeidspartnarar, innbyggarar i Florø og alle andre nysgjerrige sjeler der ute.

 

Program

13:00 – 13:10: Velkommen – bli kjent med oss

13:10 – 14:00: Prat, sveler, kaffi og omvisning

Arrangør: BigFish, Hub for Ocean, Fjord Shipping, The Luxury Travel Designer, Florø Hamn, Fiskebas.


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?

Sandra Nekkøy

Business Development Manager
+47 993 43 208
E-post

Linkedin

Vis arrangement →
Workshop Florø U40
mai
9.

Workshop Florø U40

Kvar: Vesle Kinn, Strandgata 28
Når: 9. mai kl. 18:00 - 20:00

Korleis kan Florø og omegn bli endå meir attraktiv for tilbakeflyttarar, tilflyttarar og potensielle tilflyttarar under 40 år? Vi vil gjerne høyre dine meiningar om dette i ein workshop på Vesle Kinn 9. mai! Du kan vere med på å bestemme korleis dette unge nettverket kan utvikle seg, noko som er ein stor verdi både for deg, oss, dine vener, bekjente og området.

Saman med næringslivet har vi starta prosjektet FlorøU40 som er eit ungt nettverk for dei som bur og jobbar i Florø og omegn under 40 år. FlorøU40 har som mål å gjere Florø og omegn endå meir attraktivt og skape bulyst, fremme tilbakeflytting og tilflytting samt hindre utanforskap.

Korleis skal vi få dette til saman? Under workshopen håpar vi at vi får avdekka fleire gode idéar!

Bruk gjerne påmeldinga under:

Dørene opnar kl. 17.30; ei unik moglegheit for å mingle og knytte relasjonar før vi byrjar. Ser deg der!

Aksello - Kinn kommune - Kurs KF - Sparebanken Sogn og Fjordane og Eigedomsmekling - Norwell - Bravo Seafood - PwC - Hub for Ocean - Linja - Fjord Base - Vesle Kinn


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

Vis arrangement →
Årsmøte 2023
apr.
20.

Årsmøte 2023

Kvar: Knutholmen, Kalvåg
Når: 20. april kl. 08:00 - 09:00

Ifølge vedtektene skal vi avholde årsmøte i Hub for Ocean i april hvert år.

Årets møte er lagt til nettverkssamlinga vår, som blir på Knutholmen 19. og 20. april. Håper å se mange av dere her!


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til årsmøtet?

Kristin Svardal

Dagleg leiar
+47 905 12 728
E-post

Linkedin

Vis arrangement →
Nettverkssamling 2023
apr.
19.
til 20. apr.

Nettverkssamling 2023

Når: 19 - 20. april 2023
Kor: Kalvåg


Bli oppdatert og bygge nettverk på ei og same tid? «Ja takk!», tenkjer vi! Difor har vi gleda av å invitere deg til Nettverkssamling 2023 i Kalvåg den 19 – 20. april.

Nye moglegheiter på Vestlandet

Kva røyrer seg i maritim næring framover? Kva leverandørmoglegheiter er der ute for bedriftene? Kva vil påverke verksemda di? Vi har samla relevante foredragshaldarar som skal svare på dette under årets nettverkssamling!

På kvelden 19. april serverar fantastiske Knutholmen 3 – retters meny basert på ferske råvarer frå havet. Råvarene er tilgjengeleg rett utafor døra, sprell levande i det du set deg til bords.

Hugs å bestille overnatting dersom du treng dette. Vi har ein avtale med Knutholmen om rabatterte prisar på overnatting, bruk rabattkoden «HFO» ved bestilling på deira nettsider.

  • Det er fleire flyavgangar frå Oslo/ Bergen til Florø som korresponderer med båt. Frå Florø kan man ta båt til Smørhamn (ein halvtimes reise). Det står buss på kaia i Smørhamn som tar deg vidare til Knutholmen.

    Båtavgangar frå Florø:

    Kystvegekspressen kl. 08.30 – 08.57

    Norled kl. 11.30 – 12.00

    Kystvegekspressen kl. 16.05 – 16.37

    Båtavgangar frå Smørhamn:

    Kystvegekspressen kl. 06.00 – 06.32

    Norled kl. 08.05 – 08.35

    Kystvegekspressen kl. 11.15 – 11.50

    Norled kl. 16.30 – 17.00


Program

Onsdag 19. april

12.15 – 12.45 Registrering og enkel lunsj servering

12.45 – 12.50 Velkommen

12.55 – 13.05 Status, Hub for Ocean ved Kristin Svardal

13.05 – 13.15 Norsk Industri ved Kristoffer Rolland - fagsjef maritim bransjeforening/ havbruksleverandørene

13.20 – 13.45 Samarbeid og symbiose for eit grønare vestland, Grøn Region Vestland ved Tor Martin Misund

13.45 – 13.55 Spørsmål  

14.00 – 14.15 Hydrogen brenselcelle-system til skipsfart, Helinor Energy ved Stian Antonsen og Elling Helvig

14.15 – 14.30 Bli kjent

14.30 – 14.45 Pause

Moglegheitsbiletet Stadt Skipstunnel

14.45 – 15.00  Status på prosjekt og marknad, Kystverket ved Sveinung Nedregotten

15.00 – 15.15 Posisjonering for underleveransar,  Stad Vekst ved Synnøve Aabrekk  

15.20 – 15.25 Spørsmål

15.25 – 15.40 Pause

Bli kjent på 7 minutt

15.40 – 16.10  Bli kjent med nokre av medlemsbedriftene våre: Dimeq, Arez, Vestland SeaService og Novaform

16.10 – 16.15 Oppsummering av dagen

16.15 – 17.30 Innsjekk

17.30 – 19.30 Nettverksbygging med buavandring, sildesmaking og lokalt øl.  

19.30   Tre retters middag på fantastiske Knutholmen

Torsdag 20. april

08.15 – 09.15 Årsmøte for medlemmar i Hub for Ocean

08.45 – 09.15 Kaffe og nettverking

09.15 – 09.20 Velkommen

09.20 – 09.30 Kvifor sirkulærøkonomi er relevant for DI virksomheit?, styreleiar i Hub for Ocean ved Cecilie Hatlebrekke

09.35 – 09.40 Symbiose Fjordane, Hub for Ocean ved Stein Kvalsund

09.45 – 10.05 Nytte avfallsstraumar i ny forretningsmessig verksemd, Sirkulære Høyanger ved daglig leder Ingrid Heggø Høyanger Næringsutvikling

10.05 – 10.25 Pause

10.25 – 10.35 Finansiell kraft til å realisere grøn omstilling i Vestland(-et), Sparebanken Sogn og Fjordane ved Roy Stian Farsund

10.40 – 10.55 Elkem Bremanger ved verkssjef Arne Werge-Olsen

11.00 – 11.10 Livsløpsanalyser og berekraftsrapportering - kva er nyttig å vite? Vestlandsforsking ved Fredrik Moltu Johnsen

11.15 – 11.45 Debatt “realisering av nye forretningsmoglegheiter innan sirkulærøkonomi” - Ein dialog mellom verkemiddelapparatet og privat kapital representert ved Innovasjon Norge v/ Kristine Timberlid, Vestland fylkeskommune v/ Tor Martin Misund, Sparebanken Sogn og Fjordane v/Roy Stian Farsund og Norne Securities Investment Banking v/Ingrid Birknes.

11.45 – 13.15 Lunsj

13:15 – 13:30: Korleis jobbar NRK med nyhende og nyhendetips? NRK Vestland ved nyhendesjef Gro Ravnestad

13.35 – 13.50 Produksjon av grønn ammoniakk og regionalt sirkulært potensial, Fortescue Future Industries ved Thor Rovik

Nye marknadar innan verftsindustrien

13:50 – 14:05 Nye satsingsområde, Havyard Leirvik ved Anette Traa

14:05 – 14:15 Oppsummering og vel heim

Takk til våre sponsorar

 

Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?

Sandra Nekkøy

Business Development Manager
+47 993 43 208
E-post

Linkedin

Vis arrangement →
Investormatch
mar.
29.

Investormatch

Kvar: 7. etasje i NMK, Campus Ålesund, Borgundveien 340, Ålesund.

Når: 29. mars 2023 09:00 - 16:00


ÅKP og Nordea har, saman med samarbeidspartnarar Converto, BDO og Alliance Venture Capital, etablert ein møteplass for investorer og rå vekstselskaper. Eit av måla er å kople investormiljø med innovative vekstbedrifter som søker kapital. I tillegg skal arrangementet inspirere, motivere og sørge for eit utvida nettverk.

I år har Investormatch spissare utgangspunkt fordi arrangementet framover vil i større grad rette seg mot rakstveksande, etablerte bedrifter. Investormatch har hatt stor suksess og nytt fra i år skal møteplassen arrangerast to ganger i året for å imøtekomme kundane sitt behov.

Vis arrangement →
Digital prosjektverkstad
mar.
15.

Digital prosjektverkstad

Kvar: Digitalt
Når: 15. mars kl. 10 - 15

Prosjektverkstaden er eit tilbod til aktørar i Vestland som vil lære meir om å strukturere og planlegge eit forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv eller i offentleg sektor. I forkant av prosjektverkstaden vil det vere eit kort informasjonsmøte om moglegheiter for finansiering av FoU-prosjekt.

Kurset vil vere nyttig ved søknader til Regionalt forskingsfond Vestland eller Forskingsrådet.

Prosjektverkstaden består av to delar; sjølve kurset og eit tilbod om individuell samtale med ein rådgjevar.

Del 1 Kurs: Gjennom eksempel lærer du om korleis få fram kva sentrale oppgåver prosjektet skal løyse og korleis planlegge arbeidet. Du vil få råd om korleis strukturere opp eit prosjekt.

Del 2 Individuell samtale: Har verksemda di ein konkret prosjektidé du vil diskutere og ønskjer råd og rettleiing om? Vi stiller med rådgjevarar med god kompetanse på forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor. Meld frå i påmeldingsskjemaet for å avtale eit slikt møte. Andre som skal delta i prosjektet kan også vere med i desse møta.

Velkommen!

Vis arrangement →
feb.
17.

Maritim sektor inkluderes i EU ETS, hva betyr det?

Kvar: Webinar
Når: 17. februar kl. 10:00 - 10:40

I desember ble EUs lovgivere enige om viktige endringer i energi- og klimarammeverket som vil gjøre det kompatibelt med «fit for 55-pakken». Endringene vil være med og sikre at EU når sitt 2030 utslippsmål på minst 55% reduksjon sammenlignet med 1990-nivå.

En viktig del er EUs kvotehandelssystem EU ETS, som i dag dekker store punktutslipp fra fossilkraft og fra tungindustri, samt intra-Europeisk luftfart. Fra 2024 vil skipsfart fases inn. EU ETS har vært operativt siden 2005 og i dette webinaret vil Greenfact presentere hvordan kvotehandelssystemet fungerer, prisutviklingen/hva som styrer prisdynamikken, og hvordan innfasing av maritime utslipp vil påvirke EU ETS.

Arrangør er Ocean Hyway Cluster, bidragsyter fra Greenfact er Anders Nordeng, Senior Carbon Market Analyst.

17 februar, kl. 10.00 - 10.40.

Deltagelse: Ingen påmelding nødvendig, direktelenke til Teams finner du her.


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?

Maria Brandsøy

Business Opportunity Manager
+47 905 23 543
E-post

Linkedin

Vis arrangement →
Kort forklart: LinkedIn
feb.
8.

Kort forklart: LinkedIn

Når: 8. februar 09:00 - 09:30
Dette arrangementet blei utsatt frå 24.01 grunna sjukdom.
Kvar:
Digitalt


Tenkjer du at LinkedIn berre er for jobbsøkarar? LinkedIn er så mykje meir! Det er verdens største profesjonelle nettverk med heile 1,19 millionar brukarar i Noreg. Trass mange brukarar manglar LinkedIn innhald. Det kan du bruke til din fordel.

På dette korte webinaret delar Hub for Ocean sine beste tips for at du skal lykkast på LinkedIn som bedrift og privatperson. Det heile blir krydra med døme frå den maritime næringa på Vestlandet.

Tema

  • Korleis fungerar LinkedIn?

  • Kvifor burde både bedrifta di og du som privatperson vere synleg på LinkedIn?

  • Tips og triks

Webinaret er gratis og lukka for våre medlemsbedrifter. Jo fleire tilsette som engasjerer seg på LinkedIn, jo fleire potensielle kunder kan du nå. Vi oppfordrar alle delar av bedrifta til å delta på dette grunnleggande webinaret.


Hei!

Har du spørsmål om webinaret eller LinkedIn? Ta gjerne kontakt med meg.

 

Siri Odijk Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 977 53 065
E-post

Linkedin

 
Vis arrangement →
Framtidsfylket Karrieremesse
feb.
1.

Framtidsfylket Karrieremesse

Kvar: Grieghallen, Bergen

Når: 1. Februar kl. 17.00 - 21.00


Er du nysgjerrig på arbeidslivet i Vestland? Då skal du ta turen på Framtidsfylket sine karrieremesser. Møt ein av landets mest varierte, ambisiøse og grøne arbeidsregion: Næringslivet i Distrikts-Vestland!

Hub for Ocean stiller med stand på årets karrieremesse, og tar med seg ledige stillingar frå vår medlemsmasse. Håpar vi sjåast der!


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

Vis arrangement →
Leverandørdag Havvind - Equinor
jan.
31.

Leverandørdag Havvind - Equinor

Når: 31. Januar 2023 kl. 09:00 - 15:00
Kvar:
Florø kulturhus (Markegata 51, 6906 Florø)


Hub for Ocean og Equinor arrangerar leverandørdag innan havvind i Florø tirsdag 31. januar, der bedrifter kan møte sentrale personar i Equinor si leiing for informasjon og dialog.

Her får du ein unik mulighet til å få 1 - 1 møter med Equinor, ein av dei ledande aktørane innan havvind. Meld deg på snarast for å sikre deg eit møte!

Leverandørdag for havvind er gratis og open for alle bedrifter, påmelding finn du under.

Program

09:00: Velkommen

09:05 – 09:10: Safety Moment - Per Arne Traa, Equinor

09:10 – 09:20:  Regionale aktører og satsing havvind - Stein Kvalsund, Hub for Ocean

09:20 – 09:50:  Equinor’s satsing på havvind i Norge, planlagte og mulige feltutbygginger - Daniel Rogstad, Equinor

09:50 – 10:10:  Tekniske konsepter og løsninger innen havvind - Grete Hexeberg, Equinor

10:10 – 10:30:   Drift og vedlikehold havvind - Per Arne Traa, Equinor

10:30 – 10:45:  Pause

10:45 – 11:15:  Kontrakt og kontraktsstrategier - Grete Hexeberg, Equinor

11:15 – 11:30:  Avslutte plenumsprogram med QA

11:30 – 12:00:  Lunsj og mingling

12:00 – 15:00:   En til en møter – påmelding

15:00 Slutt


Hei! Har du spørsmål?

Sandra Nekkøy

Business Development Manager
+47 993 43 208
E-post

Linkedin

Vis arrangement →
Digitalisering av kystnæringene - Data, høykapasitetsberegninger og kunstig intelligens
des.
6.
til 7. des.

Digitalisering av kystnæringene - Data, høykapasitetsberegninger og kunstig intelligens

Kvar: Måløy, Vestland
Når: 6. Desember kl. 13 - 7. Desember kl. 15

Driv du innan kystnæring og lurer på kva tenester du kan nytte deg av for å lære meir om digitalisering og innovasjon?

Det nasjonale kompetansesenteret for HPC (NCC) samlar kystnæring, klynger og tjenestetilbydere til to spennande dagar satt av til å snakke om innovasjon og vekst. Her får du delta i interessante diskusjonar og høyre fra klynger og bedrifter innan kystnæringane som har lukkast med digitalisering og vekst. Det nasjonale kompetansesenteret for HPC er eit samarbeid mellom Sigma2, SINTEF og NORCE. NCC hjelper små og mellomstore bedrifter med å bli meir effektive og innovative, og er ein viktig inngangsport til avansert teknologi for industri og offentlig forvaltning.

 

I løpet av konferansen blir det mogleg å besøke Lefdal Mine Datacenter, der framtidige nasjonale superdatamaskiner skal installerast 700 meter inne i fjellet. Datasenteret held til i spektakulære omgjevnadar i ei gamal olivingruve like i nærleiken av Måløy.

Det statlige aksjeselskapet Sigma 2 har valgt Lefdal Mine Datacenter som leverandør av datasenterkapasitet for dei nasjonale e-infrastruktursystemene. Dette omfatter NIRD (National Infrastructure for Research Data) og framtidige superdatamaskiner. NIRD er allereie installert og har offisiell åpning i Lefdal Mine Datacenter 6. desember.

Treng du overnatting i Måløy, så ta direkte kontakt med Anette Botnmark Jahre på mail: anette@maloyvekst.no

Vis arrangement →
Webinar: Hvorfor patentere?
des.
5.

Webinar: Hvorfor patentere?

Når: 5. desember 10:00 - 11:00
Kvar: Digitalt


Hvordan kan du øke verdien til selskapet ditt ved å søke patent? Hvis du ikke beskytter teknologien din, hva risikerer du da?

På dette webinaret deler ZEG Power, Patentstyret og Advokatfirmaet Selmer sine beste tips når det kommer til patentrettigheter. Webinaret er utelukkende for medlemsbedrifter i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster.


Program

10:00 Velkommen ved Ocean Hyway Cluster.

10:05 «Patentarbeid i en teknologibedrift» ved Alexandra Shabasheva, ZEG Power.

10:15 «Hva kan patenteres?», ved Håvard Saksvikrønning, Patentstyret.

10:40 «Fra gull til null: Eksempler fra domstolene», Anders Flaatin Wilhelmsen, Selmer.

10:50 Spørsmål frå salen.

11:00 Takk for nå.

Lenke til webinaret har blitt sendt ut på e-post til medlemsebedrifter. Finner du ikke invitasjonen? Ta gjerne ein titt i spamfilteret - hvis du ikke finner invitasjonen der ta kontakt med Siri Solbakken.

Webinaret er arrangert av Hub for Ocean, Ocean Hyway Cluster og Patentstyret.


Hei!

Har du spørsmål om dette webinaret? Ta gjerne kontakt.

 

Siri Odijk Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 977 53 065
E-post

Linkedin

 
Vis arrangement →
Konkurransetilsynets bærekraftkonferanse 2022
nov.
18.

Konkurransetilsynets bærekraftkonferanse 2022

Kvar: Fredag 18. november 12.00-15.30
Når:
Grand Selskapslokaler, Nedre Ole Bulls plass 1, Bergen.


Korleis kan konkurranse og konkurransepolitikk bidra til det grønne skiftet? Bli med på Konkurransetilsynets bærekraftkonferanse fredag 18. november 2022.

Saman med bedrifter, bransjeorganisasjonar, forskarar, politikarar og statlige aktørar skal vi diskutere problemstillingar rundt bærekraft og konkurranse. Nokon av temaene for konferansen er:

  • Kva saker vil konkurransemyndighetene prioritere for å bidra til bærekraftsmåla?

  • Når kan samarbeid for å nå miljømål være lovlige?

  • Kva utfordringar møter nytenkande bedrifter som etablerer seg i viktige næringar for bærekraft? Og korleis kan myndighetene hjelpe?

Arrangementet er gratis, men påmelding er bindende. Konkurransetilsynet ber om at dette overholdes og at frafall meldast til robr@kt.no.

Vis arrangement →
Jenter og teknologi
nov.
10.

Jenter og teknologi

Kor: Florø kulturhus, Florø
Når: 10. november


Nysgjerrig på teknologi og realfag? 10. november inviterer vi jenter i 9. klasse til ein inspirasjonsdag med fokus på teknologi- og realfagsyrke. Her kan du møte kule damer som jobber/studerar innan teknologi og realfag - i tillegg til å delta i konkurranse og prøve ny teknologi!

På inspirasjonsdagen lærar du korleis det er å jobbe i forskjellige yrker. Blir du nysgjerrig på yrket kan damene gi deg råd til kva du burde søke på på vidaregåande skule og høgare utdanning. Spør i vei - her er ingen spørsmål dumme!

Desse yrkene blir du bedre kjent med:

  • Kranførar

  • Programmerer

  • Elektriker

  • Prosjektingeniør

  • Anleggsleiar

  • Elevar på TIP (Teknologi- og industrifag)

  • Fysikklærer

  • Utviklingsingeniør

  • Rørlegger

  • Marin biolog

  • Styrmann og Maskinsjef


Kvifor arrangerer vi denne dagen?

Målet med dagen er å vise deg kva som finst av moglegheiter der ute. Mange av medlemmane i Hub for Ocean ønsker å tilsette dei har gått yrkesfag på vidaregåande skule, eller som har studert realfag eller teknologi på høgskulen. Kanskje du er den dei har bruk for om nokon år?

Inspirasjonsdagen er arrangert av Hub for Ocean og Kinn kommune.


Tilbakemelding fra elevane

Det har vore ein veldig kjekk dag” - Christine.

“Jøss, så spanande. Her var det mange yrke å velje blant!” - Miriam

Eg synest vi gjerne kan ha slike dagar oftare. Det gir oss nye idear på kva vi kan utdanne oss til” - Isabella


Hei!

Lurar du på noko? Ring meg gjerne eller send meg ein e-post.

 

Siri Odijk Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 977 53 065
siri@hubforocean.no

Vis arrangement →
Digital prosjektverkstad
nov.
2.

Digital prosjektverkstad

Når: 2. November kl. 11:00
Kvar: Digitalt

Prosjektverkstaden er eit tilbod til aktørar i Vestland som vil lære meir om korleis strukturere og planlegge eit forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv eller offentleg sektor. Kurset vil vere nyttig ved prosjektsøknader til Regionalt forskingsfond Vestland eller Forskningsrådet. Prosjektverkstaden består av to delar: sjølve kurset med praktiske eksempel, og eit tilbod om ein-til-ein samtale med rådgjevar. I forkant av prosjektverkstaden inviterer vi til eit kort informasjonsmøte om moglegheiter for finansiering av FoU-prosjekt.

 

Arrangementet er gratis, men du må melde deg på for å delta: Program og påmelding.

Påmeldingsfrist 28. oktober.

Det er Vestland fylkeskommune, Regionalt forskingsfond Vestland, prosjekt FORREGION Vestland, KS Vest-Norge og Forskningsrådet som inviterer til prosjektverkstad.


Spørsmål om arrangementet?

Ta gjerne kontakt med Merete Lunde, regionansvarlig Vestland, Forskingsrådet

Vis arrangement →