Tilbake til alle arrangementer

Florø i førarsetet: Etablering av verdens første fyllestasjon for ammoniakk

Verdens første fyllestasjon for ammoniakk til skip skal ligge i Florø, og no nærmar det seg byggestart! Vi inviterer innbyggarar i Florø og alle andre interesserte til eit allmøte. Her blir det god anledning til å få meir informasjon og få svar på det du lurar på.

Arrangementet er gratis og du treng ikkje å melde deg på, så her er det berre å dukke opp på Vesle Kinn den 28. november. Velkommen!

PROGRAM

18:00 Dørene opnar

18:30 Velkommen ved ordførar Bengt Solheim-Olsen og Kristin Svardal frå Ocean Hyway Cluster

18:45 – 19:30 Presentasjon av prosjektet og det planlagde tiltaket på Fjord Base
ved Azane Fuel Solutions, Yara Clean Ammonia og Fjord Base

19:30 Spørsmålsrunde med Bengt Solheim-Olsen som ordstyrar

 

OM PROSJEKTET

Ammonia Fuel Bunkring Network er eit prosjekt som består av samarbeidspartnarane Azane Fuel Solutions, Yara Clean Ammonia, HyEx Safety, Fjord Base, GOT og SINTEF Energy. Prosjektet blei starta i 2021 og har som mål å etablere verdas første verdikjede for ammoniakk som drivstoff. Som del av prosjektet skal verdas første stasjon for fylling av ammoniakk som drivstoff til skip installerast ved Fjord Base i Florø.

Florø og Fjord Base er unikt posisjonert i nærleiken til den indre farlei frå nord til sør og er i dag ein av Norges største offshore forsyningsbasar. Ved å etablere fyllestasjonen i Florø posisjonerer Fjord Base seg for krava som vil komme frå kundar og myndigheiter i framtida.

 

SPØRSMÅL

Har du spørsmål om arrangementet? Ta gjerne kontakt.

Kristin Svardal

dagleg leiar i Hub for Ocean
+47 905 12 728
E-post

LinkedIn

Forrige
Forrige
9. november

Jenter og teknologi

Neste
Neste
4. januar

Webinar - EUs Hydrogen Calls 2024