Tilbake til alle arrangementer

Jenter og teknologi

Nysgjerrig på teknologi og realfag? 9. november inviterer vi jenter i 9. klasse til ein inspirasjonsdag med fokus på teknologi- og realfagsyrke. Her kan du møte kule damer som jobber/studerar innan teknologi og realfag - i tillegg til å delta i konkurranse!

På inspirasjonsdagen lærar du korleis det er å jobbe i forskjellige yrker. Blir du nysgjerrig på yrket kan damene gi deg råd til kva du burde søke på på vidaregåande skule og høgare utdanning. Spør i vei - her er ingen spørsmål dumme!

Du vil bli kjent med fleire ulike yrke, m.a. :

  • Elektrikar

  • Utviklingsingeniør

  • Maskinsjef

  • IT- utviklar

  • Salsleiar

  • Blikkenslager, tømrar, anleggsarbeidar

  • Akvakultur

  • Logistikkarbeidar

  • Anbodsleiar

  • Rørleggar

Kvifor arrangerer vi denne dagen?

Målet med dagen er å vise deg kva som finst av moglegheiter der ute. Mange av medlemmane i Hub for Ocean ønsker å tilsette dei som har gått yrkesfag på vidaregåande skule, eller som har studert realfag eller teknologi på høgskulen. Kanskje du er den dei har bruk for om nokon år?

Inspirasjonsdagen er arrangert av Hub for Ocean og Kinn kommune med støtte frå FIN (Flora industri- og næringsforening).

Tilbakemelding fra elevane

“Det har vore ein veldig kjekk dag” - Christine.

“Jøss, så spanande. Her var det mange yrke å velje blant!” - Miriam

“Eg synest vi gjerne kan ha slike dagar oftare. Det gir oss nye idear på kva vi kan utdanne oss til” - Isabella


Hei! Har du spørsmål til arrangementet?

Siri Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

Forrige
Forrige
24. oktober

Fiskeslam som ressurs

Neste
Neste
28. november

Florø i førarsetet: Etablering av verdens første fyllestasjon for ammoniakk