Tilbake til alle arrangementer

Fiskeslam som ressurs

  • Hamnehuset 16 Fugleskjærgata Florø, Vestland, 6905 Norway (kart)

Vi inviterer inn FoU- aktørar og aktørar frå alle ledd i verdikjede for handtering av fiskeslam (som oppdrettsnæringa, slakteri, handterer av avfall), til ein felles yngleplass for å avklare forskingsbehov i næringslivet som kan gi nye løysingar for korleis fiskeslam kan nyttast som ein ressurs. 

 Møtet vil drøfte følgjande konkrete problemstillingar:  

  1. Fiskeslam som jordforbetringsmiddel 

  2. Biogass produksjon i miks med mineral- og/eller husdyrgjødsel 

  3. Kompostering/biokullproduksjon av fiskeslam

Mål med møtet er å etablere to eller fleire aktuelle FoU- prosjekt knytt til fiskeslam som ressurs i eit sirkulærøkonomisk perspektiv.

Det er også ein møteplass for nettverksbygging på tvers av næringar som arbeider innan området.

Møtet er gratis, men vi ber dere melde dere på for å vite kor mykje mat vi skal bestille inn (sjå påmelding under).

Program

11:30 Lunsj

12:00 Velkommen v/Stein Kvalsund, Ocean Hyway Cluster/Hub for Ocean

12:05 Om FORREGION Vestland. Vestland Fylkeskommune v/Øyvind Heimset Larsen, forskar og Anna Maria Urbaniak Brekke, seniorforskar og EU-rådgjevar

12:15 Faginnlegg NIBIO v/Eva Brod og Michal Sposób, forskarar - divisjon for miljø og naturressurser (bioressursar og kretsløpsteknologi)

12:35 Faginnlegg NORCE v/Gro Elin Kjæreng Bjerga, Forskningsleder Marin bioteknologi

12:55 1) BUE Salmon - Korleis handtere fiskeslam og utfordringar. Akvahub v/Trygve Hallberg og Renasys - Mission zero. v/Mark Purkis.

13:15 Pause

13:30 Drøfting av konkrete problemstillingar

14:25 Oppsummering og vegen vidare

14:30 Ekskursjon til Havlandet

15:30 Avslutning


Hei!

Har du spørsmål eller kommentarar til arrangementet? Ta gjerne kontakt!

Siri Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

Forrige
Forrige
4. oktober

Hub for Future

Neste
Neste
9. november

Jenter og teknologi