Kvar: NOVA Spektrum, Lillestrøm
Når: 2. - 6. Juni 2025
Nor-Shipping er ein av verdas viktigaste møteplasser for shippingbransjen og havnæringane. Nor-Shipping blei etablert i 1965 og samlar annakvart år nærare 50.000 delegater fra 85 land i Oslo og på Norges Varemesse på Lillestrøm.
Hub for Ocean på stand
I år er det sju av medlemsbedriftene i Hub for Ocean som utgjer vår fellesstand. Denne er igjen ein del av Vestlandsstanden, organisert av Maritime Bergen.
Som ein del av eit større fellesskap får vi betre synlegheit, og vi kan saman fremje næringsinteressene til regionen med større tyngde.
På standen til Hub for Ocean, C04-33, møter du følgjande bedrifter:
Er du interessert i korleis bedrifta di kan bli ein del av vår fellesstand på framtidige messer? Dette er ei prisgunstig løysing der vi tek oss av alt det praktiske for dykk.
Ta kontakt med Roger Bareksten på telefon: +47 953 66 371 eller e-post.
The 3rd Nor-Shipping Hydrogen Conference
Ocean Hyway Cluster inviterer til den tredje Maritime Hydrogen Conference under Nor-Shipping 2025 – i samarbeid med Maritime Cleantech, Norwegian Hydrogen Forum og Nor-Shipping.
Konferansen samlar leiande innovatørar og bransjeaktørar som jobbar med å realisere hydrogen som energiberar i maritim sektor. Vi ser nærare på utviklinga i internasjonale hamner, forsyningskjeda for hydrogen og fartøy som allereie er i drift med hydrogenteknologi.
Etter konferansen inviterer dei til ei uformell samling i øverste etasje hos Selmer på Aker Brygge – torsdag 5. juni frå kl. 19.00 til 21.00.
Les meir om The 3rd Nor-Shipping Hydrogen Conference her.