Vi arrangerer workshop 20. mai kl. 09.00–15.00 (inkludert lunsj) for å samle sentrale aktørar til diskusjon om korleis slam kan gå frå å vere ei utfordring til å bli ein ressurs. Målet er å leggje til rette for offentleg–privat samarbeid og ei felles forståing av utfordringar og moglegheiter knytte til både avløpsslam og fiskeslam, som i stor grad deler dei same problemstillingane.
Gjennom felles diskusjonar vil vi setje søkjelys på tema som logistikk, marknad, prosessering og vidare bruk av slam, samt kva som må til for å utvikle gode og berekraftige løysingar – og kvifor dette er viktig.
Målgruppe: Sentrale aktørar i verdikjeda for slam, mellom anna havbruksaktørar, kommunar i Region Fjordane, teknologileverandørar, avfalls- og gjenvinningsaktørar, samt andre offentlege og private aktørar med interesse for problemstillinga.
Arrangementet er kun for inviterte, men ta kontakt med Ingeborg Skrefsrud eller Stein Kvalsund ved interesse.
Program
09:00 – 09:05 Velkomen og dagen i dag - Stein Kvalsund, Hub for Ocean
09:05 - 09:15 Kinn Kommune, Frode Ellingsund
09:15 – 09:25 Renasys, Tomas Eikelid
09:25 – 09:35 Hellenes, Jørgen Lorentz
09:35 – 09:45 Havland, Frode Kupen
09:45 – 09:55 Bue Salmon, Knut Eikeland
09:55 – 10:10 Pause
10:10 – 10:20 Hub for Ocean, Ingeborg Skrefsrud
10:20 – 11:05 Workshop: Logistikk
11:05 - 11:15 Pause
11:15 - 12:00 Workshop: Marked
12:00 – 12:40 Lunsj
12:40 – 13:25 Workshop: Prosessering og teknologi
13:25 – 13:35 Pause
13:35 – 14:15 Workshop: Roller og samarbeid
14:15 – 14:45 Grip moglegheita: Kva tenker kommunane om vegen vidare? Vi utfordrar deg til å snakke opent!
14:45 – 15:00 Oppsummering og vegen vidare
Samarbeidspartnar
Har du spørsmål eller kommentarer til arrangementet? Ta gjerne kontakt!