Tilbake til alle arrangementer

The Maritime Hydrogen Conference


The Maritime Hydrogen Conference 10-årsjubileum

I april markerer vår klyngesatsing Ocean Hyway Cluster den maritime hydrogenkonferansen sitt 10-årsjubileum - eit tiår der konferansen har utvikla seg til å bli ein sentral møteplass for leiande aktørar innan maritim industri, politikk, forskning og innovasjon.

Årets tema “10 år tilbake - 10 år framover: Erfaringar. Val som ventar.” inviterer til både tilbakeblikk og framtidsblikk. Kva har vi lært? Kva krev dei neste ti åra av oss? Og korleis kan ny teknologi - inkludert KI - spele ei nøkkelrolle i utviklinga av hygdrogenøkonomien?

Saman med visjonærar, pionerar og bransjeaktørar skal vi dykke ned i erfaringane frå det første tiåret, og diskutere dei strategiske vala som må takast for å drive utviklinga vidare.

Programmet speglar denne reisa: frå historiske perspektiv og politiske samtalar til teknologiske nyvinningar, kunnskapsstasjonar i Hydrogen Valley - og alternative møteplasser som ginsmaking med Feddie Ocean Distillery og flytande sauna i havgapet.


👉Program og billettar finn du her.


Har du spørsmål? Ta kontakt med:

Karoline J. Vågsholm, kommunikasjonsansvarleg

Forrige
Forrige
12. februar

Aksello og Hub for Ocean inviterer til gratis kurs og miniworkshop i onboarding