Etter ei HR-samling i mai 2025 har fleire bedrifter i Florø gitt uttrykk for eit ønske om fleire samlingar med relevante HR-tema. Hub for Ocean og Aksello inviterer difor til kurs og miniworkshop i onboarding 12. februar kl. 13:00–15:30 på Hamnehuset i Florø.
Kvifor bør du kome?
Fordi ingen fortener å starte i ny jobb medan dei lurer på kvar kaffimaskina står, og kven som eigentleg heiter «IT-Per». Dei første dagane kan vere magiske – eller katastrofale. Vi hjelper deg å gjere dei magiske!
På kurset får du dei beste tipsa frå folk som har sett både gull og grøft, og ein miniworkshop som gjer onboarding til noko nytilsette faktisk snakkar positivt om (ikkje berre på Jodel).
Dette er di sjanse til å gå frå «god nok» til «best i klassen» på onboarding!
Det er heilt gratis å delta.
OBS! Vi ber om at de tek med dykk dagens onboarding-manual. Denne skal nyttast i miniworkshopen. Om du ikkje har ein i dag, vil du i alle fall ha ein etter 12. februar.
Agenda:
13:00: Velkomen v/ Beate Grønnevik - Hub for Ocean & Andrea Bjørkaas - Aksello
13:15: «Beste og verste onboarding-historier» v/ Magnus Aftret – Flora U40
13:30: «Korleis sikre at den tilsette kjenner seg velkomen før og under onboarding» v/ Malin Steinset – Bue Salmon
14:00: «Onboarding – kva og når: sjekkliste» v/ Veronika Tansø – Westcon
14:30: Miniworkshop – oppdatering og vidareutvikling av onboarding-manual
Bruk medbrakt stikkordsliste
Kva har eg lært?
Korleis kan vi optimalisere vår onboardingprosess?
(Grupper på 4)
15:00: Oppsummering og kåring av den beste nye onboarding-manualen