Verdiskapingsanalyse - etablering av amoniakkfabrikk i Bremanger

 

Bremanger kommune gjennomfører verdiskapingsanalyse knytt til etablering av amoniakkfabrikk på Holmaneset. Mål er å få betre innsikt i kva effektar ei slik etablering kan har for m.a. arbeidsplassar, nye forretningsmogelegheiter (herunder eksport), industrielle samarbeid, energiomstilling og samfunnsutvikling elles.

 

Fortescue er eit globalt grønt energiselskap som skal produsere utsleppsfritt grønt hydrogen frå 100 % fornybare energikjelder. Fortescue ønskjer å etablere produksjonsanlegg for grønt hydrogen på Holmaneset i Bremanger kommune. Bremanger kommune har i formannskapssak 10/23 vedteke at det blir starta ein planprosess for områderegulering av Holmaneset.

 

Artikkelen fortsett under biletet.

Fortescues planlegg grønt hydrogen- og ammoniakkanlegg i Bremanger. Illustrasjon: Fortescue.

Etableringa kan ha store ringverknadar for samfunn og næringsliv. Som ein del av planprosessen ønskjer Bremanger kommune å gjennomføre ei verdiskapingsanalyse for å få betre innsikt i kva effektar ei slik etablering kan har for m.a. arbeidsplassar, nye forretningsmogelegheiter (herunder eksport), industrielle samarbeid, energiomstilling og samfunnsutvikling elles.  

 

PwC er leigd inn som prosjektleiar for arbeid med verdiskapingsanalysen og det er etablert ei prosjektgruppe som består av Bremanger kommune ved kommunalsjef samfunn og utvikling Karl Vidar Førde, Hub for Ocean/Ocean Cluster Hyway Cluster v/Stein Kvalsund og Siri Stavang og PwC v/Ingvill Flo og Mats Nesset Busæt.  

 

Hovudmålet med verdiskapingsanalysa er å analysere og vurdere korleis industrietableringa til Fortescue kan bidra til:  

  • å skape nye arbeidsplassar i ei framtidsretta næring 

  • å styrke lokalt næringsliv gjennom nye marknadsmogelegheiter og nye arbeidsplassar 

  • auke i eksport 

  • etablering av samarbeid mellom bedrifter (og eventuell etablering av hub/industripark) 

  • å utvikle innovasjon og ny kunnskap i nytt og eksisterande næringsliv 

  • energiomstilling i ein regional og nasjonal kontekst 

  • samfunnsutvikling forøvrig, m.a. bustad- og infrastrukturutvikling, sjølvkostområde og beredskap 

 

Arbeidet vil inkludere dialog med regionalt næringsliv, innbyggjarar, utdanningsinstitusjonar, Vestland fylkeskommune og kommunar i regionen gjennom intervju og arbeidsmøter, samt at det vert planlagt ei fellesamling for næringsliv, utdannings- og FoU-miljø og offentlege aktørar i mars månad. Fleire aktørar vil motta invitasjon til å delta i innspelsarbeidet tidleg i januar, og vi håpar de vil bidra i eit viktig arbeid for Bremanger kommune. 

 For nærmare orientering om Fortescue, sjå her .  

 
 

Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

Siri Laquian Stavang

senior næringsutviklar

+47 98031949

E-post

LinkedIn

 
Forrige
Forrige

Havyard signerer milliardkontrakt

Neste
Neste

Westcon Yards landa storkontrakt med KONGSBERG og Forsvaret