Westcon Yards landa storkontrakt med KONGSBERG og Forsvaret
KONGSBERG tildelast fregatt-vedlikehald med inn til 17 års perspektiv. Westcon Florø vil spele ei viktig rolle.
Kongsberg NavalServices AS (KONGSBERG), er tildelt ei strategisk rammeavtale med Forsvarsmateriell for driftstøtte, vedlikehald og levetidsforlengande tenester på Norges Nansen-klasse fregatter. Kontrakta har ein totalverdi opp til 17 milliardar kroner for tenester levert ut levetida - antatt fram til 2040 og Westcon Florø skal utføre dokking og skipsteknisk vedlikehald og -ombyggingar.
Med perspektiv fram til 2040 har vi sikra ein solid aktivtetsbasis for våre tilsette, og kan utvikle verftet og våre leverandørar i regionen i eit langsiktigperspektiv, seier Westcon Yards-direktør Øystein Matre.
Artikkelen fortsett under biletet.
Westcon Yards har dei seinare åra søkt nye marknader for å ha fleire bein å stå på og med denne kontrakta blir Westcon løfta opp til eit nytt nivå.
KONGSBERG er valgt som hovudleverandør med totalansvar for å gjennomføre forvaltning og skipsteknisk vedlikehald, modifikasjoner, og mogleg levetidsforlengelse av Nansen-klasse fregatter. Arbeidet skal etter planen gå fortløpande i 17 år framover.
KONGSBERG vil koordinere og kontrahere aktivitetar med partnarane gjennom integrert og langsiktig samarbeid med Forsvaret. Selskapet har danna ein konstellasjon bestående av verfta Westcon Yards og Coast Center Base (CCB), samt WilNor Governmental Services (WGS) og Wilhelmsen Ship Management (WSM). KONGSBERG har også ein samarbeidsavtale med Navantia som sikrar støttetenester frå verftet som bygde skipa.
Vi er audmjuke og takknemlege for at Kongsberg og Forsvaret har vald å satse på Westcon Florø, og vi ser fram til eit godt samarbeid, avsluttar Matre.